Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Auka sjølvforsyning med MDG

Laila Aass og Odd Magne Harstad utfordrar oss på kombinasjonen kjøtkutt og auka sjølvforsyning (Nationen 24.8.). Som forskarar har dei ofte godt kvalifiserte spørsmål, men dei kunne tent på å lesa seg opp på kva vi meiner.

Vil dyrke jorda: Me går ikkje med på at storparten av åkerjorda i landet skal vera ueigna til dyrking av menneskemat., skriv Margit Fausko. Foto: Lars Bilit Hagen
Vil dyrke jorda: Me går ikkje med på at storparten av åkerjorda i landet skal vera ueigna til dyrking av menneskemat., skriv Margit Fausko. Foto: Lars Bilit Hagen

Til dømer står det i fyrste punkt om landbruk på mdg.no: «Auke sjølvforsyningsgraden til Noreg basert på norske ressursar til 60 prosent innan 2030, mellom anna ved å fase ut import av kraftfôr og tilpasse kjøtproduksjonen til det lokale næringsgrunnlaget.»

Husdyrforskarane forstår sikkert at dette ser bra ut for sau og storfe. Kanskje forvekslar dei oss med andre miljøkrefter som har meir fokus på metan enn matsikkerheit? Sjå òg våre alternative jordbruksoppgjer.

Aass og Harstad avviser ikkje at målet vårt er agronomisk mogleg. Dei er meir uroa for om folket vil akseptera det. Høg sjølvforsyning betyr åkerjord primært til menneskemat, og resten (gras og beite) til kjøt. Noko kraftfôr trengst for at sau og kyr skal nytta grovfôret optimalt, og fordi det er greitt med litt egg og bacon.

Men me går ikkje med på at storparten av åkerjorda i landet skal vera ueigna til dyrking av menneskemat. Aass og Harstad tviler på at folk vil ha den slags mat det her kan bli snakk om, «vassgraut og neper» som det gjerne blir i karikaturversjonen, og spør om me vil tvinge folk til å ete slikt.

Annonse

Til det kan me peike på mange prosjekt på gong for å utvikla nye rettar basert på matplanter tilpassa vårt klima og betydeleg interesse blant fleire enn unge vegetarianarar. Til dømes har Norges bygdekvinneleg jobba mykje med å auka statusen til bygg.

Vidare må me ikkje undervurdere alle dei nye moglegheitene me har i nyare tid til å utvide variasjonen av kva me dyrker, ved hjelp av sortsutvikling, veksthus og ny kunnskap. Om me også satsar på kvalitet i grøntproduksjonen, til dømes meir sakteveksande grønnsakar frå regenerativt jordbruk i kalde klima, skal me ikkje sjå vekk frå at konsumet vil auke som konsekvens av stadig fleire ivrige smaksentusiastar. Meir deltakande jordbruk som landbrukshagar kan me rekne med har same effekt. Alt dette er me for å satse på.

I tillegg blir sjølvsagt tollvern viktig, saman med informasjonskampanjar og offentleg innkjøpsmakt. Ingen av delane er ukjent for landbrukets vener. Me vil også fjerne momsen på grønsaker, frukt og norskforedla fisk frå fiskeria, for å stimulere folk til eit meir plante- og sjømatbasert kosthald, og i tillegg føre gunstigare momssats på kjøt frå meir enn 90% grasfôra dyr enn anna kjøt.

Og i verste fall: Sjølv om 100 prosent av den plantekosten me treng for å erstatte kraftfôrbasert mat måtte importerast, fordi folk krev kikerter og tofu framfor bondebønner og byggotto, vil det faktisk gje høgare sjølvforsyning enn i dag. Eitt onn soya mettar som kjend fleire magar spist direkte enn om det går via kylling-, ku- eller laksemagen.

Aass og Harstad meiner 60 prosent sjølvforsyning er uoppnåeleg utan kjøt som viktig proteinkjelde. Det trur ikkje me heller, og me vil det altså heller ikkje slik. Me vil endre måten me produserar på og kva me produserer mest av, men me er for norsk kjøtproduksjon.

Etter vårt skjøn betyr halvering framleis ganske mykje kjøt. I 1959 produserte Noreg 119.000 tonn kjøt. I 2020 var talet 348.000. Ei halvvering til 174.000 vil altså innebere betydeleg større totalproduksjon enn 50-talet. Denne mengda vil gje alle omtrent like mykje kjøt per person som då, når ein reknar inn at me er to millionar fleire folk. Og med vårt grasfokus er det heller ingen grunn til angst for attgroing. Vår politikk råker kyllingen aller mest når det kjem til kjøtkutt, den som er basert 60 prosent på importerte fôrråvarer.

Langsiktig halvering er omtrent det me får om me tek landbruksnæringa sitt felles slagord på alvor: Norsk mat på norske ressursar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Vi må se de usynlige bøndene