Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Auka hogst i ljos av ny kunnskap

Tilveksten på noverande skogareal kan aukast med femti prosent eller doblast.

Tilvekst: Mykje av skogen veks betre enn før, men måling av produksjonsevna i gamal skog fører likevel til at den reelle produksjonsevna vert grovt undervurdert. Foto: Berit Roald/NTB scanpix

I Nationen den 2/5 argumenterer sivilingeniør Erik Fleischer mot auka hogst og skriv mellom anna at «Målet burde være maksimal karbonlagring, ikke mest mulig avvirkning i den perioden av historien vi er inne i nå.»

Målet bør nok heller vera at skogen skal gjera størst samla (klima)nytte både på kort og lengre sikt. Då må ein inkludere karbonlagring i tre, jord, og i trebaserte produkt. Substitusjonseffekten av at trebaserte produkt har lågare CO2-utslepp enn alternativa, må også takast med i reknestykket.

Eit heilt avgjerande spørsmål er i alle høve kor snøgt den nye skogen veks opp att etter hogsten av den gamle. No veit me at ny skog vil bygge opp att mykje større volum på kortare tid enn den gamle skogen har gjort.

I Noreg vert produksjonsevna vanlegvis rekna ut på grunnlag av såkalla høgdebonitet som er definert som høgda til dei ti grøvste trea per dekar ved førti års alder i brysthøgde. I skog av låg eller høg bonitet er trea då vera høvesvis 11 og 20 meter.

Annonse

Forskarar frå NMBU publiserte i 2012 ein artikkel bygd på Landsskogtakseringa sine data med modellar som syner at opphavsåret til eit bestand har svært mykje å sei for boniteten: Eit granbestand etablert i år 1900 på rik mark har bonitet G11 (G for gran), medan eit som kom opp i 1990 har bonitet G20. Produksjonsevna for desse er høvesvis 3,5 og 9,5 kubikkmeter per dekar og år. Tilhøva var om lag dei same i furu. Merk at produksjonsauke frå foredla plantematerialar vil koma på toppen av dette.

Ved NIBIO har me utvikla ein metode for å rekne om høgdeveksten til bonitetsverdiar. Med denne kan ein syne at plukkhogsten før i tida førte til sterk hemming av høgdeveksten i ungskogen den gong. Det er hovudårsaka til underbonitering i dagens gamalskog. Metoden gjer det og mogleg å bonitere store skogareal ved å måle alle trehøgder nøyaktig på to tidspunkt, til dømes med flyboren laser. Dette har me gjort i eit større granskogområde i Vestfold og påvist at produksjonsevna har auka mykje.

I NIBIO sine mange feltforsøk rundt om i landet har og høgdeveksten på 2000-talet vore omkring førti prosent betre enn venta (Tveite, Norsk Skogbruk 9/2017). Desse endringane skuldast betring av veksetilhøva.

Kort sagt, mykje av skogen veks betre enn før, men måling av produksjonsevna i gamal skog fører likevel til at den reelle produksjonsevna vert grovt undervurdert. Årsakene kan me koma attende til, men konsekvensane må nemnast her: Dersom boniteten er ein, eller to klasser (3 eller 6 meter) høgare enn Landsskogtakseringa sine offisielle data for skogarealets bonitet syner, vil produksjonsevna i norsk skog vera mellom 35 og 60 millionar kubikkmeter. I dag er tilveksten kring 25 millionar kubikkmeter.

Tilveksten på noverande skogareal kan såleis aukast med femti prosent eller doblast. Dit kjem ein med rett hogst og god skogkultur.

Desse skilnadane i produksjonsevne, som er høgst reelle, er ikkje rekna inn i Klimakur- eller i den NVE-rapporten Fleischer syner til. Dei er truleg heller ikkje tekne omsyn til i Noregs forhandlingar med EU. I så fall er taket på hogsten sett på grunnlag av tal for produksjonsevna som påviseleg er feil.

Det gjev ikkje ein optimal skog-, klima-, og industripolitikk fordi det også set tak på kor fort og mykje det er mogeleg å bygge opp tilveksten, karbonlageret og produksjonen av industrivirke med store substitusjonseffektar.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kommunene bør berømmes for klimavedtak