Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Arealbruken i norsk landbruk

Kanaliseringspolitikken kom allereie på 50-talet med ein intensjon om å maksimere produksjonen av både husdyr og korn.

Arbeidsdeling: Korn på Austlandet, Trøndelag og delar av Sørlandet - gras i resten av landet. Foto: Mariann Tvete
Arbeidsdeling: Korn på Austlandet, Trøndelag og delar av Sørlandet - gras i resten av landet. Foto: Mariann Tvete

Litt forenkla kan ein då seie korn på Austlandet, Trøndelag og deler av Sørlandet, og gras i resten av Norge. Eit av dei viktigaste verktya for å få dette til var ein høgare kornpris, samtidig som ein fekk på plass prisnedskriving av kornet etter at det var levert på mølla. Dette gjorde det meir lønsamt å dyrke korn i deler av landet, og mindre lønsamt å nytte kornet direkte på eigen gard til eigne dyr. Dersom vi set verdiskaping, sjølvforsyning og eit landbruk over heile landet som dei viktigaste måla i norsk landbruk, so må vi kunne seie at kanaliseringspolitikken har vore ein suksess.

Eit anna ord for kanaliseringspolitikken er arbeidsdelinga i norsk landbruk. I Granavollen-erklæringa slår regjeringa fast at dei vil «styrkje arbeidsdeling i norsk jordbruk». Bakgrunnen for dette er det sjølvsagt best at regjeringa gjev, men truleg er auken av grasareal i kornområda samtidig som store areal går ut av drift i grasområda grunngjevinga for dette punktet. Det er mange ulike ordningar i norsk landbruk, og dei verkar ulikt. Det som har skjedd dei seinare åra er at andre verkty enn dei knytt til arbeidsdelinga har vore vektlagt. Sagt på ein anna måte, meir mat har vore viktigare enn eit landbruk over heile landet.

Forbruket av grønt aukar, samtidig er det aukande etterspørsel etter protein til både dyr og menneske. Målet må vere å auke den totale verdiskapinga frå norsk landbruk ved at vi alle et meir norske råvarer. Auken i produksjonen på frukt, bær og grønt må også kunne skje i dei beste klimasonene i grasområda gjennom geografisk stimulering. Samtidig veit vi at vi treng meir korn, både matkorn og til kraftfôr. Dersom målsettinga er å auke verdiskapinga og å auke sjølvforsyninga so MÅ vi nytte areala annleis enn i dag. Det betyr at vi må redusere produksjonen av raudt kjøtt (storfe og sau) på kornjorda, samtidig som det må stimulerast til betre lønsemd innan kornproduksjonen, og på gjennomsnittsbruka i grasområda.

Ei retningsendring i landbrukspolitikken er vanskeleg og ubehageleg, difor må både næringa og politikarane vere tydleg i kva retning vi vil i, samtidig som vi må gjere endringar over fleire år.

Eit fleirårig løft i rammevilkåra for å drive kornproduksjon i dei beste arealsonene, samtidig som vi seier nei til sau og storfe på kornjord ville løfte verdiskapinga sjølvforsyninga i norsk landbruk. Anten må vi i landbruket sjølve ta initiativ til ei retningsendring eller so gjer politikarane dette på eiga hand.

Neste artikkel

Ei framtidsretta landbruksutdanning