Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Alternative historieforteljingar

Framstegspartiet er igjen ute med å spreie desinformasjon om Senterpartiet for å sette seg sjølv i eit betre lys.

Marit Nerås Krogsæter, gruppeleiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe i i Møre og Romsdal. Foto: Privat
Marit Nerås Krogsæter, gruppeleiar i Senterpartiet si fylkestingsgruppe i i Møre og Romsdal. Foto: Privat

Ifølgje Frp står Senterpartiet i Møre og Romsdal i fyrstelinja for å leggje ned landbruket i fylket ved å klare kunststykket å tenke fleire tankar samstundes.

Legg ein det som faktisk gjekk føre seg i fylkesutvalet til grunn, så bør det vere nok til å skjønne at Frp ikkje forstår at det er mogleg å ta vare på miljøet, samstundes som ein opprettheld eit godt og variert landbruk i Møre og Romsdal.

Våre representantar i fylkesutvalet røysta for fellesframlegget i fylkesplanen om at "Fylkestinget legger til grunn at landbruket i Møre og Romsdal fortsatt skal opprettholde variert matproduksjon basert på lokale fôr-ressurser". Noko landbruket i Møre og Romsdal, og landet forøvrig, er avhengig av.

Vidare så støtta Sp framlegget frå Per Vidar Kjølmoen (Ap) om å endre eit punkt i fylkesplanen frå "redusere klimagassutsleppa slik at fylket er klimanøytralt i 2030" til "Bidra til 50 prosent reduksjon i ikke-kvotepliktige utslipp i 2030 sammenlignet med 2005 i tråd med Klimakur 2030".

Dette forslaget vart stemt ned av Frp, V, 2 Ap og SV. I motsetnad til den informasjonen Frp skriv om i både lesarinnleggformat og på sosiale media. Det er rein alternativ historieforteljing.

I den samla avrøysinga om heile del 1 av fylkesplanen som handlar om miljø, så stemte alle partia for den endelege ordlyden, bortsett frå Frp.

Annonse

Det vil med andre ord seie at Frp ikkje ynskjer:

* å forvalte sjø- og landareala slik at det blir lagt til rette for berekraftig verdiskaping, basert på ein arealbruk som avgrensar behovet for transport, og hindrar unødvendige landskapsinngrep

* å ha god tilstand på 90 prosent av økosystema både på land og i vatn, og stanse tap av naturtypar og artar

* bevare viktige landskap, og redusere tapet av verdifulle kulturminne og kulturmiljø til under 0,4 prosent årleg

* basere auka produksjon og bruk av energi på energieffektivisering, fornybare energikjelder og utslippsfri energi

* førebygge at uønskte hendingar skjer, og ha ein fysisk, digital og organisatorisk infrastruktur som er rusta til å takle klimaendringar og akutte kriser

* ha ein leiande posisjon i utviklinga av ein grøn sirkulær økonomi med høg grad av gjenbruk, og god avfallshandtering

Frank Sve og andre i Frp har visst glede av å spreie desinformasjon om andre parti sin politikk, både i aviser og på sosiale kanalar. Når vi seier at redusert kjøttforbruk og auka produksjon av norsk korn, frukt og grønt vil vere eit viktig klimatiltak i høyringsinnspelet til Klimakur 2030– noko som ein kvar litt oppegåande person veit er rett – framstiller Frp det som at vi vil legge ned landbruket og husdyrhaldet.

Når vi seier at ei omlegging av kosthaldet krev verkemiddel ut over det landbrukssektoren rår over, mellom anna skatte- og avgiftspolitikk og folkehelsepolitikk, påstår Frp at vi vil legge avgifter på kjøtt. Frp har det med å forenkle og parodiere kompliserte spørsmål.

Det er ikkje noko motsetnad mellom å prøve å nå klimamåla, samstundes som ein satsar på byutvikling, distrikta og landbruk. Måten Frp driv med politikk både regionalt og sentralt, har ikkje vore med på å byggje opp landbruket i landet eller i Møre og Romsdal. Det får stå på deira eiga rekning.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Tilbake til vannkraft?