Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Alt du ikkje veit

I det eg forlot universitetet, gjekk det opp for meg kor mykje eg ikkje fekk med meg. Sov eg i timane?

Barnevern: Mangel på kompetanse gjer til dømes at saker som ikkje skulle vere meldt til barnevernet, likevel blir meldt. Foto: Sara Johannessen/NTB scanpix NB! Modellklarert

Sjølvsagt ikkje, men erkjenninga den gongen gjorde noko med meg sidan. Djupast sett er eg engsteleg for å vise fram dei kvite flekkane på kunnskapskartet mitt, for å verke dum eller kunnskapslaus. Ein dag blir eg avslørt, seier eg til meg sjølv. Og difor tek eg på meg maska, får steinansikt, snakkar om ting eg ikkje har greie på, omgjev meg med ord eg ikkje skjønar. Ingen ting er som å tvihalde på eit rustent image.

Vi taklar fråvær av kunnskap på ulike måtar. Nokre innrømmer at dei kjem til kort. Ein annan tek ei kvit løgn eller to. Andre att blir arrogante, tviheld på eigne standpunkt – same kor misvisande dei kan vere. Verst er det når bresten får alvorlege konsekvensar for andre.

Ein ting er naboane imellom. Verre er det når vrangviljen sit på kommunehuset, i NAV, hjå barnevernet eller i eldreomsorga. Manglande diplomatiske eigenskapar tappar omgjevnadane for krefter, trøyttar innbyggjarane i kommunen, og reduserer tilliten mellom dei til eit minimum. Det tek mykje tid, energi og ressursar å halde på sitt, same kor feil ein måtte ta.

Offentleg tilsette er sette til å forvalte oppgåver for fellesskapet. Over 30 prosent av alle tilsette i landet arbeider i offentleg sektor, i kommunane, i fylket eller i staten – i alt frå politiet og legekontoret til helsestasjonen og skulen. Saman forvaltar dei forvaltningslov og barnevernlov, kommunelov og arbeidsmiljølov og ein god del andre lover. Dei gjer komplisert juss om til handling. Og nettopp difor er det viktig at oppgåvene blir gjorde rett og samvitsfullt, at vi kan identifisere bresten dei gongene det er grunn til det – og at det finst ein kultur for kritisk tilbakemelding. Gjer det det?

Lovverket er omfattande og krevjande. Det skal kloke medarbeidarar til for å forstå lovverket rett, syte for at du og eg blir tekne vare på slik lova krev – og sjølvinnsikt når kompetansen manglar. Nokre gonger glepp det for oss, innbyggjarane får ikkje den informasjonen dei har krav på, behandlinga av mor på heimen var ikkje tilstrekkeleg, plansakene var vilkårlege, eller politikarane gjorde vedtak på feil grunnlag. Eller servicen var ikkje den beste. Nokre gonger kan vi leve med slurvet. Men ikkje alltid.

Eit faktisk døme: Ein pedagog er uroa for eit barn i ein barnehage og sender ei bekymringsmelding til barnevernet. Seinare viser det seg at vilkåra for meldinga ikkje er til stades, fordi pedagogen ikkje mistenkte omsorgsvikt i det heile, slik lova krev. Lovverket vart tolka feil, sakshandsaminga likeså. Saka skulle aldri vore ei sak.

Dømet er interessant på fleire måtar. For det fyrste fordi det dreier seg om offentleg tilsette utan tilstrekkeleg kompetanse til lovverket, og i dette tilfellet om vilkåra for i det heile å sende ei bekymringsmelding. Dinest, om kommunens uvilje til å anerkjenne eigne feilgrep. «Vi har sjølv forklara regelverket, utan at vi hittil har fått inntrykk av at dei har teke det til seg», fortel mora, ho tek kontakt. Kvifor anerkjenner ikkje kommunen at dei har forstått reglane feil? Kvifor tek dei ikkje til seg kritikken? Har dei ingen ting å lære?

Annonse

Så lenge kommunar gjer som dei vil, får vi òg saker som i Tolga.

Eg vel å tru at dei fleste handlar ut ifrå god tru. Og at dei vil vel. Det er likevel ingen garanti mot ukloke og kunnskapslause vedtak i den offentlege forvaltninga. Ein NOVA-rapport (2013) viser at fleire som er underlagde regelverket for teieplikt og meldeplikt, sjeldan går til lovteksten når det trengst. Det kjem òg fram at dei i liten grad les rundskriv.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det er store og vilkårlege forskjellar mellom kommunane. «Det er ofte personavhengig hvor godt et barnevern fungerer. Hvis folk ikke er dyktige i jobben, blir man mer sårbar i små kommuner», seier professor i barnevern ved Nord universitet, Reidunn Follesø til NRK. Frå 2020 skal ei ny barnevernsreform setjast ut i livet, les eg på regjeringen.no. Regjeringa har lova 80 millionar kroner – til kompetanseheving.

Så lenge kommunar gjer som dei vil, får vi òg saker som i Tolga. Eller grupper på sosiale medium som skrik høgt mot den offentlege forvaltninga, som Facebook-gruppa «Barnevernet vil vi ha fullstendig fjernet» med dryge 19.000 medlemmer. Eller konspirasjonstenkarane i kommentarfelta på Document.no, Resett eller Human Rights Service.

Kunnskap og tillit er avgjerande faktorar for å lykkast – i byen, og ikkje minst i mindre bygdesamfunn der kampen mot sentralisering, fråflytting og forgubbing trugar eksistensen og framtidsdraumen. Eg ser det sjølv, i avisspaltene i lokalavisa, som kommunestyrerepresentant, og som lokalsamfunnsborgar. Manglande kompetanse og kulturar for å takle kritikk gjer kommunar sårbare for omdømme og rekruttering, og for rettstryggleiken til dei som bur der.

Den beste erkjenninga er å innsjå kor lite vi faktisk veit.

Knut Aastad Bråten skriv fast til Nationens debattarena Motkultur.

Neste artikkel

Politisk spel, revirkamp og balansekunst