Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

«Allemannsretten for alle»

Kva meiner eigentleg Trygve Sunde Kolderup frå Turistforeninga om allemannsretten?

Provoserande: Formuleringa mi er spissformulert og sikkert provoserande på enkelte, skriv innsendaren. Illustrasjonsfoto: Mostphotos
Provoserande: Formuleringa mi er spissformulert og sikkert provoserande på enkelte, skriv innsendaren. Illustrasjonsfoto: Mostphotos

I ein kommentar til mitt innlegg om at allemannsretten kan vera truga av for stort ferdselstrykk, har Trygve Sunde Kolderup under overskrifta «Allemannsretten for alle» i Nationen den 25. august reaksjonar på mitt utsagn om at «byfolk» må bli meir i byen og nytte nærmiljøet der til friluftsliv og andre aktivitetar i staden for å reise milevis ut i distrikta for å gå på tur der, og helst til område med stort ferdselstrykk på naturen.

Formuleringa mi er spissformulert og sikkert provoserande på enkelte og eg vedgår at eg kunne ha uttala meg på ein meir moderat og inkluderande måte. Men Sunde Kolderup skriv sjølv i ein tidlegare kronikk i Nationen at allemannsretten er under press.

Annonse

Poenget er da at dette presset skuldast stor ferdsel i naturen, der byfolk utgjer den største brukargruppa fordi dei er flest.

Det betyr at denne brukargruppa kan vera årsaka til at enkelte store «turkommunar» ser seg nødt til å legge restriksjonar på stor bruk og med det press på naturen, ein bruk som nettopp allemannsretten opnar for, men der presset på naturen gjer at denne retten på ulike måtar må avgrensast.

Eller kva meiner eigentleg Trygve Sunde Kolderup når han skriv i ein tidlegare kronikk at allemannsretten er under press?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Folkets nei fra både 72 og 94 står seg godt