Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Allemannsretten er truga

Byfolk og andre naturfjerne menneske slit på naturen. Dei bør halda seg meir heime.

Belasta: På stader som Besseggen slit turfolket hardt på terrenget. Foto: Privat
Belasta: På stader som Besseggen slit turfolket hardt på terrenget. Foto: Privat

Allemannsretten er under press, skriv seksjonsleiar naturforvalting og bærekraft, Trygve Sunde Kolderup, i ein kronikk i Nationen den 5. juli, og det med rette.

Denne spesielle retten er ikkje bare under eit visst press, den er direkte truga, som resultat av ein stadig aukande menneskeleg belastning. Den fridomen og dei pliktene som allemannsretten opnar for er forankra i friluftslova, som blei til i ei heilt annan tid, med langt mindre press på naturen i form av friluftsliv enn i dag.

Dei fleste som brukar og slit ned naturen i distrikta i dag til friluftsliv utan å legg att ei krone direkte eller å kome på talefot med bygdefolket, er byfolk og andre naturfjerne menneske. Desse har stort behov for restitusjon frå det kvelande, stressande og til dels helseskadelege livet i byen.

Og straumen av folk frå byane på tur og opphald i naturen aukar for kvart år, og er etter kvart blitt ein belastning i form av markslitasje, lukt- og lydforureining som råkar dyrelivet, laushundar som jagar og stundom drep eller skadar ville dyr og husdyr på utmarksbeite eller trivsel- og støyforureining for dei fastbuande tett på naturen i kvardagen.

Annonse

Sporlaus ferdsel eller friluftsliv er bare svada og ein uoppnåeleg visjon som følge av masseturisme. Det er bare mindre skadeleg turisttrafikk i naturen som gjer at ein unngår sterke restriksjonar som kan berge allemannsretten slik den var utforma i friluftslova i 1957.

Me som bur på bygda har vald dette fordi me trivest med det eller må det på grunn av forvaltaransvaret me har. Folk som enten har «rømt» frå bygda til byen eller som gjennom generasjonar har budd i byen må avfinne seg med å vera meir heime der, og leva liva sine der også når dei har fri.

På same måten som bygdefolket har sin tilhaldsstad, sitt arbeid og fritid i bygda tett på naturen, må byfolket i større grad bli på sin tilhaldsstad med bylivet sitt og kose seg med det. Hvis ikkje det fell i smak kan dei kanskje flytte til bygda.

Den store reiseaktiviteten byfolk driv med til distrikt med natur til å boltre seg i eller til hytteopphald, er ein belastning på klima og miljø med bilkøyring eller på naturen, der utbyggings- og tilretteleggingssyndromet rir urørt natur som ei mare, og der utradisjonelle og ekstreme aktivitetsformer trugar naturens tålegrense og undergrev allemannsretten, og det gode den var tenkt å vere før invasjonen av urbane menneske nådde nye høgder.

Tilrettelegging vil føre til enda meire belastande turtrafikk. Når det går så langt at ein må organisere rydding av søpla som turfolket legg att etter seg, er det eit alvorleg varsko om at omgangen med natur er på ville vegar, styrt av urbane trendar.

Eit uønska scenarie kan framtvinge restriksjonar for å skåne naturmangfald, miljø og heile naturgrunnlaget som er friluftslivets og reiselivets eksistensgrunnlag.

Neste artikkel

Nødvendig tydelig fra Energikommisjonen