Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Å kjempe mot vindmøller

Uttrykket «Å kjempe mot vindmøller» kjem opphaveleg frå Don Quijote, og handla om å kjempe mot innbilte motstandarar i ein håplaus kamp mot eigne vrangforestillingar.

Viktig siger: Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil gratulere Leif Arne Jåma og dei andre reineigarane i Fovsen Njaarke reinbeitedistrikt med denne viktige sigeren knytt til beiterett. Foto: Heiko Junge / NTB
Viktig siger: Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil gratulere Leif Arne Jåma og dei andre reineigarane i Fovsen Njaarke reinbeitedistrikt med denne viktige sigeren knytt til beiterett. Foto: Heiko Junge / NTB

I dag er det mange som kjempar mot vindmøller. Og det er ein kamp mot innbitte motstandarar. Det kan for enkeltmenneske opplevast som ein håplaus kamp mot store selskap og stor kapital.

Reineigarane på Fosen-halvøya har likevel valt å ta denne kampen. Dei har kjempa mot vindkraftselskapet Fosen Vind i 20 år. Fosen Vind har Europas største vindkraftprosjekt på land, og Statskraft er ansvarleg for utbygginga.

Denne saka har gått gjennom tingrett og lagmannsrett. Ein einstemmig Frostating lagmannsrett slo fast at store beiteområde hadde gått tapt, og tilkjente reineigarane nesten 90 millionar i erstatning. Reinegarane anka ikkje erstatninga, men tok saka vidare då dei meinte det ikkje vart teke omsyn til sameretten då konsesjonen vart gjeven.

Annonse

Olje- og energidepartementet støttar anken til Fosen Vind. Regjeringsadvokaten meiner lagmannsretten har har hatt ei uriktig forståing av erstatningsreglane, og meiner ei slik tolkning vil gjere det dyrt å byggje vindkraft på område med reindrift i framtida. Det fortel korleis staten har sett på beiterett og beiteområde.

For reineigarar, beitebrukarar og vanlege folk kan det virke urimeleg at staten går inn på utbyggjar si side med regjeringsadvokat. I ein e-post til NRK, publisert på NRK Sápmi 31.august, seier tidlegare statssekretær Tony C. Tiller frå Høgre: «Bakgrunnen for statens involvering er at reindriften har angrepet departementets vedtak».

Dommen i Høgsterett konkluderer med at vindkraftanlegga på Storheia og Roan krenkar reindriftssamane sin rett til kulturutøving etter FN sin konvensjon om sivile og politiske rettar i artikkel 27. Ut frå dette er konsesjonen ugyldig.

Norsk Bonde- og Småbrukarlag vil gratulere Leif Arne Jåma og dei andre reineigarane i Fovsen Njaarke reinbeitedistrikt med denne viktige sigeren knytt til beiterett. Det er ein viktig siger både for reindrift og beiterett.

At Olje- og energidepartementet har gjeve konsesjon på urett grunnlag, og vidare støttar Fosen Vind ut frå at dei finn det urimeleg at «...reindriften har angrepet departementets vedtak» bør få konsekvensar for korleis slike saker blir handterte i framtida. Høgsterettsdommen skapar presedens.

På vegne av alle beitebrukarar, takk til Fovsen Njaarke reinbeitedistrikt.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Ber Borch komme på krisemøte om konflikt mellom reindrift og landbruk