Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Europas felles pengepung

Sist gong EU var i krise, førte det til ein eksplosiv vekst i talet på arbeidande fattige. No er EUs korona-krisepakke klar.

Europas mektigaste: Europeiske arbeidstakarar har all grunn til å vere spent på om van der Leyen og Merkel også vil sjå på EUs arbeids- og sosialpolitikk. Foto: Stephanie Lecocq / Pool Photo / AP / NTB scanpix
Europas mektigaste: Europeiske arbeidstakarar har all grunn til å vere spent på om van der Leyen og Merkel også vil sjå på EUs arbeids- og sosialpolitikk. Foto: Stephanie Lecocq / Pool Photo / AP / NTB scanpix

Koronaviruset har ført EU inn i ei økonomisk krise som vi framleis ikkje veit omfanget av. Etter 90 timar med intense forhandlingar, kunne EU-toppane lansere sin nye korona-pakke på føremiddagen tysdag 21. juli. Krisepakken skal gi direkte tilskott på intil 390 milliardar euro til land i krise. I tillegg skal dei kriseramma landa kunne få intil 360 milliardar euro i kredittar. Dette er store summar i EU-budsjettet. Samstundes blir eit nytt prinsipp etablert: For første gong skal EU finansiere felles utgifter gjennom lån. Det er eit stort steg.

Tala EU-toppane hadde på bordet under forhandlingane viser at det går mot alvorleg resesjon i fleire EU-land. Frankrike, Italia og Spania er landa som ser ut til å bli hardast ramma. EU-kommisjonen varsla før forhandlingane tok til at krisa blir djupare enn dei først hadde trudd, og at det vil ta lenger tid å hente seg tilbake.

Dei sparsame fire, var eit av kallenamna grupperinga av nord-vest europeiske land med Nederland i spissen, fekk under forhandlingane. Dei fire ville knytte vilkår til pengeoverføringane. Og dei ville slett ikkje opne for at EU skulle kunne ta opp felles gjeld. Motpolen var landa i sør som akkurat no er dei som treng pengane mest. Den greske statsministeren Kyriakos Mitsotakis, sa nyleg til avisa Financial Times at Hellas har endra seg mykje sidan statsgjeldskrisa som skaka heile EU. Streng kontroll frå Brussel, er ikkje naudsynt no lenger, hevda Mitsotakis.

No er krisepakken klar. Den tyske kanslaren, Angela Merkel, sa seg fornøgd med resultatet og understreka at "det som tel, er at vi er i stand til å finne ei felles løysing". Den felles løysinga som vart forhandla fram, kan fort bli eit tettare integrert EU. Wolfgang Schäuble, president i den tyske forbundsdagen, tok for kort tid sidan til orde for at EU bør bruke krisa til reformer som gir tettare økonomisk integrasjon. Schäuble var Tysklands finansminister under den greske statsgjeldskrisa og kjenner både den tyske økonomien og EUs budsjett svært godt.

Annonse

Etter sist krise rykka ei ny stor gruppe arbeidstakarar inn i EUs lågtlønssektor. Tolv år seinare er det mange som framleis ikkje har kome seg ut att. I den siste rapporten frå statistikkbyrået Eurostat, er ti prosent av arbeidsstokken i EU definert som "arbeidande fattige." Desse arbeidstakarane er blant anna å finne i næringsmiddelindustrien, i landbruket og i reinhaldsbransjen. Mange er utan trygge arbeidskontraktar, nokre arbeider utanfor heimlandet sitt. Fleire er ikkje knytt til ein spesiell arbeidsgivar, men til eit bemanningsbyrå.

Koronakrisa har nesten tatt Angela Merkels popularitet tilbake til gamle høgder i heimlandet Tyskland. Ein grunn til at Merkel vart så populær i utgangspunktet, var at ho var sjef for dei gode tidene. Dei ti første åra av Merkels regjeringstid, gjekk arbeidsløysa i Tyskland ned kvart år. Ssmstundes auka talet på arbeidande fattige i Tyskland. Ifølgje det økonomiske forskingsinsituttet DIW arbeider ein fjerdedel av den tyske arbeidsstokken i lågtlønnssektoren. Det er over gjennomsnittet i det hjørnet av Europa.

Resten av Europa vart kjent med ein av verstingane i den tyske lågtlønnssektoren under kornakrisa. Då vart landets slakteribransje åstad for ukontrollert spreiing av koronavirus. Tyske slakteri er prega av omfattande bruk av innleigd arbeidskraft. Landets aviser skreiv at ein grunn til at slakteria vart ei smittebombe, var at koronasjuke arbeidstakarar gjekk på jobb fordi dei var redde for å miste jobben om dei vart heime. Det er nesten ingen tyske statsborgarar som jobbar på golvet i landets slakteri. Dei innleigde arbeidstakarane kjem frå andre EU-land som Polen, Romania og Bulgaria. Lågtlønsproblematikken er i aller høgste grad ei sak som er felles for heile EU.

Ursula van der Leyen var minister under Angela Merkel i 15 år før ho vart president for EU-kommisjonen. Ho kjenner den tyske arbeidslivsmodellen svært godt. Ho var Tysklands arbeids- og sosialminister i fire år. No har van der Leyen fått eit klart råd frå sin partifelle Wolfang Schäble om å gå inn for tettare integrasjon av den økonomiske politikken.

Europeiske arbeidstakarar har all grunn til å vere spent på om van der Leyen og også vil sjå på EUs arbeids- og sosialpolitikk. Vil kamp mot lønnsdumping og for ordna arbeidsforhold få ein plass på Ursula van der Leyens post-korona prioriteringsliste?

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

– Jeg håper folk skjønner hvor viktig det er å bruke penger i Norge