Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Alt hva mødrene har kjempet

Bunadsgeriljaen er meir enn eit opprør mot nedlegging av fødestover.

Fødetilbud: Er også kvinnekamp, skriver skribenten. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Dei representerer også kvardagskvinnene som har halde dette landet i gang i generasjonar, utan å bli nemnt i historiebøkene.

”Alt hva fedrene har kjempet, mødrene har grett”, heiter det i nasjonalsongen vår. Eg blir høgtidsstemt av songen, sjølv om teksten kjennest nesten komisk utdatert. Iallfall når eg ser meg rundt i dagens nyheitsbilde. Denne våren har i høgste grad vore prega av mødrer som har kjempa. Kledd i bunad har kvinner kjempa for rett til lokale fødetilbod. Det starta på Nordmøre og har spreidd seg til heile landet. Å føde barn er ikkje risikofritt, men det er berre kvinner som kan gjere det. Og det er lett å tenkje seg at det gjer det lettare å leggje ned tilboda også. Iallfall trudde nokon at det var lett, fram til no.

Engasjementet til Bunadsgeriljaen og måten det har oppstått på er ekstremt viktig. For kvinnene som kler seg i bunad og kjemper for retten til eit godt fødetilbod der dei bur, er ikkje dei kvinnene som vanlegvis skriv i avisa, er med i debattprogram, som diskuterer politikk i sosiale media eller går i demonstrasjonstog. Breidda i opprøret er sjeldan, og det spontane grasrotopprøret for fødetilbodet i distrikts-Noreg bidrar til å setje fokus på meir enn fødestovene, i eit breiare lag av befolkninga. Det handlar om kvinnehelse og kvinners rettar. Og det har vekka eit engasjement som eg trur vil vare, same kva utfallet blir i dei konkrete sakene om fødestovene. Ingen vil igjen ta lett på saker som handlar om kvinnehelse når eit eller anna budsjett skal gå i null. Eller gløyme kvinnene når historia skal skrivast.

Annonse

Sjølv om historia om Noreg i vår tid er ei historie om eit av dei mest likestilte landa i verda, der kvinner har dei fleste av dei fremste maktposisjonane, er altså dei mest aktuelle politiske slaga om dagen, kampen for kvinnerettar. I 2019. Rettar ein for lengst skulle tru var sikra. Rettane knytt til sjølvbestemt abort har den siste tida blitt svekka gjennom politisk hestehandel. Og mens menn i dress skal berge økonomien i helseføretaka, blir tilbodet til kvinner som skal føde innskrenka. Det er som om noka av haldninga i nasjonalsongen heng att. At mannens kamp er viktigare enn kvinnas kamp. At det kvinner bidrar med til historia er dei mjuke og mindre viktige verdiane.

Eg klandrar ikkje Bjørnstjerne Bjørnson. Hans tekst til ”Ja, vi elsker” står i stil med resten av historieskrivinga, ikkje berre frå hans samtid, men også langt inn i moderne tid. Historia om mennene som kjempa, som vann dei fysiske slaga, dei politiske slaga og dei økonomiske slaga. Mennene som sit på fysisk kraft, på kunnskap, intelligens og pengar. Historia er skriven av menn. Ho handlar om menn. Men all grunnleggande o-fagskunnskap tilseier at det også må ha vore kvinner der, heile tida. Sidan det stadig kom til nye generasjonar menn, som kunne skape og skrive historia vidare. Men det var ikkje kvinnene som stod på fronten og kjempe slaga. Dei jobba i kulissane. Kjempa dei store slaga i kvardagen, dei slaga som handla om å halde hus, heim, ungar og husdyr i live. Om å halde hjula i gang. Dei mindre spektakulære slaga. Som kjent er dei fleste dagane i året og livet kvardagar, men det er ikkje dei som hamnar i historiebøkene.

Eg blir minna på det kvar dag når eg les dei korte og nøkterne portretta av kvinner som jubilerer på dei bakarste sidene i Aftenposten. Kvinnene som fyller 90 og 100 år fortel om kvardagane, mennene på same alder fortel om karrieren. Desse kvinnene skriv om det som forma liva deira. Om oppvekst, kor mange søsken dei hadde og kor mange av dei som overlevde. Om kor lenge foreldra levde, om korleis dei møtte han dei vart gift med, om kor dei flytta, kor mange barn dei fekk og kor mange som overlevde. Om kor lenge ektemannen levde, kor mange barn og barnebarn dei har, om god helse og om arbeidslyst. Og om det lokale engasjementet i lag og foreiningar.

Desse historiene er ikkje mindre viktige enn historiene om menn som har vore i krigen eller hatt høge stillingar i næringslivet, som har vore ordførarar og hatt andre viktige verv. Når grasrotrørsla Bunadsgeriljaen i dag står på barrikadane for eit styrka fødetilbod for kvinner i distrikta, representerer dei også noko som er større enn sjølve saka. Dei blir eit symbol på alle desse kvardagane og kvinnene som heldt dei i gang. På alle kampane mødrene har kjempa og som ikkje fekk plass verken i nasjonalsongen eller i historiebøkene. Og på vidare kamp for rettane til kvinner i heile landet.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Helsepersonell skal snakke norsk