Fredagstacoen kan nok ha gjort fleire enn meg litt leid av spisskummen. Det er nemleg dette insisterande krydderet som er mest markant i taco-kryddermiksen.

Brukt i passande mengder og til visse retter må spisskummen likevel til. Til dømes til lammeretter. Når eg lagar lam, landar eg nesten alltid på ein eller annan variant av oppskrifta som blir her presentert – inspirert av bruken på det marokkanske kjøkkenet av krydder, med andre middelhavsinnspel i form av ein salat med frisk vassmelon og salt fetaost. Kombinasjonen er knallgod, spesielt no i sommarvarmen.

Det går heilt fint å byte ut lammekjøttet i denne retten med kylling, svin eller biff. Men lam er førstevalet. Den eigenarta lammesmaken kling så innmari godt saman med den foreslåtte krydderblandinga av spisskummen, koriander, paprika og kvitløk. Hugs at det lammet som har litt feitt på kroppen, er det beste. Då sparkar smaken litt meir frå seg, og feittet blir ein fin kontrast til den friske salaten og den syrlege yoghurten.

Til tillaginga fungerer ei steikjepanne godt. Ein kolgrill eller ein pizzaomn (ja, dei fungerer til langt meir ein pizza) er endå betre. Aller best er det dei færraste av oss har heime: ein indisk tandoor-omn, sprengfyrt med ved og kol. Ein slik omn er optimal når ein steikjer grønsaker og/eller kjøtt på spyd, saman med gode marinadar og sausar som nærast brenner seg fast som ein tjukk glasur rundt kjøttet. Kort tid med sjokkvarme, deretter nokre minutt kvile, er nøkkelen til å unngå oversteikte, tørre kjøttstykke.

Og så var det brødet då, som også kan bli heilt fantastisk i denne indiske omnen. Naan eller liknande variantar blir lagt på ei pute og blir pressa raskt og fast mot innsida av tandooren, slik at deigen blæs seg opp og blir ferdigsteikt på sekund. Eitt penselstrøk med smelta kvitløksmør seinare er middagsgjesten i himmelen.

Oppskrift

Krydra lammespyd med melonsalat

Ingrediensar (4 personar)

250 gram lammekjøtt (lår, bog, nakke eller ytrefilet)

1 ts spisskummen

0,5 ts paprikapulver

0,5 ts korianderpulver

1 klype kvitløkpulver

salt og pepar

1 ms solsikkeolje

2 ms meierismør

4 knuste kvitløkfedd

2 kvister fersk timian (kan sløyfast)

---

4 ms naturell yoghurt

---

4 store skiver vassmelon

0,25 granateple

0,5 raudløk

1 bunt persille

8 cherrytomatar

4 ms fersk fetaost

0,5 raud chili

olivenolje

raudvinseddik

flaksalt

Framgangsmåte

Kutt lamma i store terningar, og tre dei på spyd. Bland saman dei tørre kryddera, og krydre kjøttbitane godt rundt det heile. Varm ei steikjepanne til ho byrjar å ryke, sett til solsikkeolje, og steik spyda knallhardt så dei blir skikkeleg bruna på alle kantar. Ha så i meierismør og kvitløkfedd, og la alt få surre litt i smøret eit par minutt. Legg spyda over på ein tallerken saman med steikjesmøret, og la dei kvile eit par minutt før servering.

Kutt vassmelon i store terningar, raudløk i lauvtynne skiver og tomatar i to. Legg dette i ein blandebolle saman med finkuttet chili og nokre skeier olivenolje. Smak til med eddik og salt. Før servering vender du inn hakka persille og granateplefrø, og toppar med knust fetaost.

Lag til eit par skeier yoghurt på kvar tallerken. Bruk baksida av skeia og fordel yoghurten litt utover. Legg spyda på toppen, og hell litt av det bruna, aromatiske smøret over dei.

Servar med den friske salaten ved sida av. Ha også gjerne litt pitabrød eller kokt bulgur som tilbehøyr om du ønskjer meir karbohydrat.