Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Når stordrift vert ideologi

Når ein byggjer ideologi rundt ein eller fleire «overordna verdiar», lukkar ein samtidig for alle idear som ikkje stadfestar dei verdiar ein har bestemt seg for å feira. I beste fall kan det seiast at ein då vandrar med skylappar. I verste fall er slik ideologi destruktiv og farleg.

Når det gjeld Noreg, er det både trist og absurd å observera at me er på full fart til å gjera nett dei same feila som EU gjorde på landbruksfeltet, meiner landbruksbloggar Dag Jørund Lønning. Foto: Mariann Tvete

«Ideologisk storheitsdyrking» er ein særleg utfordrande verdicocktail. Dette er ei einsidig tru på at stor er betre enn liten, at større gjev meir makt, at «kjøttvekta» skal vera avgjerande når ressursar skal fordelast.

Det er vanskeleg å sjå at denne ideologien har ført til særleg lukke og framgang, verken for enkeltmenneske eller lokalsamfunn. Døma på det motsette er derimot svært så mange.

Diverre er det slike verdiar som for tida er styrande i Noreg. På sektor etter sektor. Bodskapen er heile vegen den same: Den vesle skal vika, eller tvingast til å bli større. Den store skal heiast fram, og få stadig meir av ressursane.

Reformene er ideologidrivne, ikkje kunnskapsdrivne

Det er ideologi, ikkje kunnskap, som er basis for endringane. I «kommunereforma» har ein bestemt på førehand at kommunane er for små, trass i at staten sine eigne innbyggarundersøkingar viser at på 13 av 18 saksfelt er det innbyggarane i små kommunar som er mest nøgde , og trass i at norske kommunar alt i dag er store i europeisk samanheng . Når ein i tillegg vil straffa kommunar som ikkje vil slå seg saman, med å trekka millionar over kommunebudsjettet, blir det heile stygt.

I landbrukspolitikken tek ein frå dei mange små og gir til dei store få. I stor grad mot bøndene sin vilje, og utan ein kunnskapsbase som viser at dette på noko slags vis vil gagna det folk flest oppfattar som «norsk landbruk». Større og færre bønder er eit «potensial» , seier den sitjande statsråden, utan å spesifisera kven dette eventuelt skulle vera eit potensial for.

Kvar er me på veg?

Farten er høg no. Den ideologiske klampen er i bånn. Kunnskapsbaserte motargument prellar av som vatn på gåsa. Store, irreverserbare endringar skjer på kort tid, utan skikkelege konsekvensanalysar, utan reell samfunnsdialog. Ideologi er einaste legitimering.

Det er rett og slett tid for å stoppa opp. Er det eit samfunn som dyrkar det store på kostnad av det små me vil ha? Det er ikkje verken kraftfôrpris eller kor vidt sjølvforsyning skal målast i tonn, protein eller kroner, som er det kritiske landbrukspolitiske spørsmålet no, men kva landbruk me (heile befolkninga) ønskjer i framtida. Ei vedvarande prioritering av dei store og smale, vil føra til at fleire og fleire av dei små og mangfaldige forsvinn. Dette skjer fort no. Med dei konsekvensar det får for produktmangfald, landskap, busetnad, lokalsamfunn.

Bygdeutvikling i EU handlar om å bøta på stordriftsskader

I skrivande stund sit eg i den store forskingsbygninga i Brussel. Dei siste åra har eg vore knytt til EU-kommisjonen som ekspertrådgivar på temafelta landbruk, bygdeutvikling, kulturarv og entreprenørskap. I denne runden går eg og 15 kollegaer frå heile Europa gjennom forskingssatsinga på bygdeutvikling.

Det er ei veksande erkjenning av at unionen si mangeårig satsing på dei store, har skapt enorme utfordringar. Bygdeutviklingsdelen i EU sin landbrukspolitikk blir difor stadig viktigare, og meir og meir midlar går til satsingar med føremål å møta desse utfordringane.

Ein vond sirkel

Annonse

Mellom anna ser ein at avstanden til enkeltmennesket har blitt avskrekkande. Satsinga på stordriftslandbruk har gjort at millionar av «vanlege menneske» ikkje lenger kjenner verken eigarskap til eller ansvar for korleis maten blir dyrka. Resultatet er ein «forbrukar» med berre rettar, rettar til å krevja billegare, billegare, billegare. Stordriftslandbruket har berre eitt svar på dette: større, større, større. Den vonde sirkelen vert berre vondare.

Den som dyrkar og den som et må koplast saman att

Nye band må difor skapast mellom den som dyrkar og den som et. Mange av prosjekta me arbeider me i Brussel no, handlar om nettopp dette. Kommisjonen har sett korte verdikjeder på dagsorden. Maksimum ein aktør mellom den som dyrkar og den som et. Helst ingen. Aktørar skal involverast og ansvarleggjerast.

Det er sjølvsagt ein lang veg å gå, men likevel oppmuntrande å registrera at særs mange ser behovet for eit omfattande skifte. Og det skiftet går definitivt ikkje i retning enno større einingar, enno meir spesialisering og enno meir avstand. I staden handlar det om å skapa nærleik, om å involvera og ansvarleggjera menneske og lokalsamfunn.

Må Noreg gjera alle feila EU har gjort?

Når det gjeld Noreg, er det både trist og absurd å observera at me er på full fart til å gjera nett dei same feila som EU gjorde på landbruksfeltet; å setja volum og tonnasje framfor menneske. Resultata av «større er betre» - ideologien har vore massiv overproduksjon, dyrebål, dyremishandling, kolossale miljøutfordringar, og ein akselererande avstand mellom den som dyrkar og den som et. Europa kjem til å slita med konsekvensane i mange år framover. Er dette verkeleg så forlokkande?

Storheitsdyrking er problemet, ikkje løysinga

Skal me ha ein sjanse til å løysa våre enorme felles globale utfordringar i åra som kjem, må kvart enkelt menneske få rom til å gjera utfordringane til sine eigne, til del av eigen kvardag, eige nærmiljø og lokalsamfunn. Då er ideologisk stormannsgalskap del av problemet, og definitivt ikkje av løysinga.

Dag Jørund Lønning er professor i nyskaping og bygdeutvikling, og rektor Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling

Norsk Landbrukssamvirke og Nationen samarbeider om landbruksbloggen. Les flere innlegg her.

Neste artikkel

I krisetider lønner det seg med samvirke