Takk for svar på begge mine tidlegare innlegg der eg meiner Norge må seie nei til EU si fjerde jernbanepakke.

Hareide sa i 2018: «Eg er skeptisk til byråer og tilsyn som står utafor politisk kontroll.» Det er eg òg. Likevel foreslår Hareide å leggja styringsrett over vår jernbane under ERA, eit direktorat i EU med kontor i Valenciennes og Lille i Frankrike.

Slik overføring av makt, kan ikkje gjerast om så lenge vi er medlem av EØS.

I brexitprosessen var kravet om å få nasjonal kontroll med jernbanen eit viktig krav, og britane vil nå ta kontrollen att når dei er utanfor EU. Dei hadde for mange problem med billettrot, konkursar, manglande samordning m.a. No er mest heile det britiske jernbanenettet mellombels renasjonalisert. Det ville vore umogeleg med ei framleis fullt gjeldande fjerde jernbanepakke i britisk lov.

Økonomisk meiner eg at det er umogleg å hevda at underlegging under EU fører til billigare jernbanedrift. Om det er rett å nytta anbod på nokre av jernbanestrekningane, har Norge full rett til å gjera det av eige initiativ, heilt uavhengig av jernbanepakka frå EU. Dette har regjeringa allereie demonstrert gjennom jernbanereforma.

Det er også svært vanskeleg å forstå at Hareide meiner det er rett å bere krevja alminneleg fleirtal (over 50 prosent), med støtte frå lovavdelinga. Eg var stolt av at KrF i Acer-saka gjekk inn for at Stortinget måtte krevja kvalifisert fleirtal, for dette er kravet i §115 i Grunnlova.

Her slås det fast at kvalifisert fleirtal er naudsynt ved avståing av styringsrett av norske interesser. Dette vart òg støtta av professor Eivind Smith som regjeringa ofte nytta som juridisk ekspert. I høve til jernbanepakka, meiner fleire juridiske ekspertar at saka ikkje kan handsamast med alminneleg fleirtal, blant dei professor Christoffer Conrad Eriksen.

Sidan Stortinget likevel valde alminneleg fleirtal i Acer-saka etter råd frå lovavdelinga, vart det reist stemning av staten for brot på Grunnlova. Denne saka skal opp for Høgsterett i plenum ved årsskiftet. Difor er det provoserande når lovavdelinga framleis hevdar at det er så liten overføring av makt til EU at Grunnlova vert skyvd til sides att for å gjera det enklare å få godkjenning frå Stortinget.

Under sist valkamp lova fleire av KrF sine representantar at dei ville leggja ned veto mot jernbanepakke 4. Dette håpar eg partiet fyljer opp i Stortinget. Me treng ikkje diktat frå EU og deira jernbanebyrå ERA om korleis me skal driva jernbanen vår. Ei slik direkte styring frå EU var heller aldri meininga med EØS-avtala. Faktisk var det tvert om, noko KrF den gongen argumenterte hardt for. Diverre ser Hareide ut til å ha gløymt det.