Spaltist Denne teksten gir uttrykk for skribentens personlige holdninger.
Etter 3 år med forhandlingar og tautrekkingar mellom Kommisjonen, Parlamentet og medlemslanda gjennom Rådet, vart den nye felles landbrukspolitikken (CAP) fram mot 2027 formelt vedteken i desember 2021. Den gamle politikken var alt gått ut på dato i 2020, så overgangsordningar måtte innførast for 2021–2022.
Når vedtaket endeleg var på plass starta jobben med å utarbeide nasjonale strategiske planar. Av nyvinningane var nemleg at medlemslanda skulle få meir fridom til å bestemme korleis dei skulle nå måla i fellespolitikken. Det vil seie, heilt fritt stod dei ikkje. Kommisjonen skulle godkjenne planane land for land. Var Kommisjonen misnøgd måtte landa gjere endringar og kome tilbake.
Sverige fekk smake denne medisinen. Kommisjonen var nemleg ikkje nøgd med Sveriges planar, eller manglande planar, om å ta frå dei store og gi til dei små bøndene. For dette var ein av grunnpilarane i den nye felles landbrukspolitikken: Ei meir rettferdig fordeling av støtta, både mellom bøndene innan medlemslandet og mellom medlemslanda. Og altså ei utjamning mellom små og store bønder.
Unge bønder skal få meir og kjønnsbalansen skal bli betre. Berre aktive bønder skal få støtte, og politikken skal vere sosialt rettferdig, med føreseielege og trygge arbeidsvilkår. Kommisjonen var heller ikkje nøgd med korleis Sverige hadde planlagt gjennomføring av den viktigaste grunnpilaren i den nye landbrukspolitikken, nemleg eit grønare landbruk.
Vel hadde broderfolket ein høg ambisjon for økologisk produksjon, heile 30 prosent, men Kommisjonen syntest skilnaden mellom målet og storleiken på foreslått støtte var for stor. Ambisjonane for kolbinding og vern om biologisk mangfald var for låge, og lista over miljøtiltak for kort hjå søta bror. Planane måtte endrast. Fyrst i desember 2022 hadde alle medlemslanda fått godkjent sine planar.
Unge bønder skal få meir og kjønnsbalansen skal bli betre.
Politikken for eit grønare, meir rettferdig og meir konkurransedyktig EU-landbruk kunne endeleg rullast ut.
Men då var politikken allereie i ferd med å bli utdatert. For mykje har skjedd sidan Kommisjonen la fram sitt fyrste forslag i 2018. Pandemi og Ukraina-krig har fått kostnadene til å skyte i vêret, og matsikkerheit er igjen i fokus. EU har allereie sett på vent planlagd politikk for å sette til side produktiv jord.

Økologisk landbruk øker i verden – dette er status i Norge
Berre ei drøy veke etter iverksetting av ny landbrukspolitikk ber landbrukskommissær Janusz Wojciechowski om meir pengar for å dekke den høge inflasjonen. Ein rapport frå tenketanken Farm Europe i oktober slo fast at både inflasjon og EUs grøne strategi, Green Deal, ville sette sterke grenser for den nye felles landbrukspolitikken.
Ein rekordinflasjon på 10 prosent samanlikna med 2 prosent då CAP-budsjettet vart fastsett, kunne føre til ein reduksjon i den reelle verdien av budsjettet på nærare 85 milliardar euro, av eit totalbudsjett for perioden 2023–2027 på 387 milliardar euro, konkluderte tenketanken.
Medlem av landbrukskomiteen i Parlamentet, Anne Sander, sa til Euractiv at ein slik erosjon av landbruksbudsjettet kunne sette på spel den økonomiske robustheita til bøndene, gi mindre investeringar i økologisk retning, og gå ut over matsikkerheita.
Sander har sett seg lei på at EUs felles landbrukspolitikk blir brukt som ei mjølkeku for europeisk politikk. Bøndene har lenge vore frustrerte over at midlar blir tekne frå den felles landbrukspolitikken til å finansiere ambisjonane i landbruksdelen av Green Deal, Farm to fork.

Stadig flere nordmenn vil spise mindre rødt kjøtt
40 prosent av CAP er dedikert til klimatiltak. 25 prosent av direktestøtta skal brukast på miljøprogram og 35 prosent av bygdeutviklingsmidla skal gå til tiltak for betre klima, biodiversitet, miljø og dyrevelferd.
60 år etter at EU vedtok sin fyrste felles landbrukspolitikk er matsikkerheit kome meir i bakgrunnen. Det vil EU-bøndene ha ei endring på. For diskusjonen om EUs landbrukspolitikk etter 2027 er allereie i gang. På sist styremøte i bonde- og samvirkeparaplyen Copa-Cogeca var landbrukskommissæren på besøk for å diskutere framtidas landbrukspolitikk.
Då var meldinga klar: I neste felles landbrukspolitikk må matsikkerheit vere i sentrum. I Storbritannia, der butikkhyllene gaper etter egg og frukt og grønt, var beskjeden frå bondelagsleiar Minette Batters i hennar årsmøtetale nyleg ganske lik: – Retorikken om at vi er eit rikt land som berre kan importere maten må avslørast som ekstremt naivt i ei skiftande og utfordrande verd.