Per Olaf Lundteigen meiner landbruket er i en kritisk situasjon, men er i tvil om han vil bli høyrt.
Regjeringa vil leggje fram stortingsmeldinga om landbruks- og matpolitikken for dei ti neste åra i slutten av mai eller i juni.
Ein av dei som har klare formeiningar om kva den bør innehalde er Sps nestor i landbruksdebatten, finanspolitisk talsmann Per Olaf Lundteigen.
Han tar til orde for ein heilt ny kurs i landbrukspolitikken, både i forhold til dagens kurs og sist landbruksmelding frå tusenårsskifte.
- Situasjonen i dag er kritisk. Vi må få ein heilt ny kurs i norsk landbrukspolitikk. Ein kurs som er i tråd med vårt internasjonale ansvar og våre nasjonale ressursar. Og prislappen for omlegginga blir billig i forhold til veldig mykje anna som vi bruker store pengesummar på, seier Lundteigen.
- Ført inn i kritisk situasjon
Lundteigen har heilt sidan han var studentrepresentant under Hitra-aksjonen i 1975 følgt utviklinga tett.
Også som statssekretær då forrige landbruksmelding vart lagt fram i desember 1999.
- Den gongen såg eg det frå innsida. Hovudmålet var så radikalt som å kutte talet på mjølkebruk på nivå frå 3 bruk til 1 bruk, noko ein trudde skulle gi dei attverande bøndene betre økonomi. Fasiten i tiåret som har gått er ein reduksjon frå 2 til 1, og inntektsutviklinga taler sitt eige språk, seier Lundteigen.
Samtidig har retninga gitt ein auke i arbeidsproduktiviteten frå 2,7 prosent årleg på 90-talet til 4,9 prosent årleg dei ti siste åra.
Arbeidsinnsatsen er erstatta med langt større kapitalinnsats, og parallelt har kapitalproduktiviteten gått ned frå 2,8 prosent årleg til 1,6 prosent årleg, ifølgje riksrevisjonen.
- Denne retninga har vore ønska, men den har ført landbruket i ein kritisk situasjon både med tanke på rekruttering, arealbruk, fruktbar jord og på fag, seier han.
Ny kurs
Lundteigen tek nå til orde for ein heilt ny kurs.
Den reelle sjølvforsyningsgraden meiner han må aukast med 5 til 10 prosent, i tillegg til at auka folketal vil krevje auka matproduksjon.
Han vil ha satsing på grasbasert produksjon, utnytting av utmarka og mindre kraftfôrimport. For å oppnå måla meiner han bruksstrukturen må vere variert og at kursen mot større og færre bruk må endrast.
- Bygg jordbruket på plogkjøl, ikkje skipskjøl, seier han.
Lundteigen kjenner ikkje til i kor stor grad hans syn får gjennomslag, og viser til at han ikkje har sett utkastet til meldinga.
- Eg synest det hadde vore naturleg å bli involvert i arbeidet.
- Blir du halden utanfor?
- Eg har ikkje meir å seie til det, seier Lundteigen.
- Regjeringas melding
Også Irene Nordahl, Sp-representant i næringskomiteen, trekkjer fram betre sjølvforsyningsgrad, auka matproduksjon på norske ressursar og landbruk i heile landet som grunnplankar i arbeidet.
- Det må liggje i botn med mest mogleg forpliktande formuleringar, og så har vi i tillegg klare krav når det gjeld inntekt, seier ho.
Statssekretær Ola T. Heggem (Sp) er sentral i arbeidet som leiar av eit nyleg nedsett tverrdepartementalt statssekretærutval. Han vil ikkje gå inn på innhaldet i meldinga eller kven som blir involvert utanfor regjeringa.
- Nå er det arbeid internt som står att, men vi har sjølvsagt også prosessar opp mot partiet. Vi jobbar på vanleg måte, men den dagen vi legg fram meldinga for Stortinget er det regjeringas melding, seier han.