Stortingsrepresentant for Sp, Per Olaf Lundteigen, har avgjort at han ikkje stiller som nestleiar i Sp.
- Folk frå ulike delar av landet kontakta meg då det i romjula vart kjend at Lars Peder Brekk trakk seg som nestleiar. Eg sa då ja til at namnet mitt kunne bli føreslege, men presiserte samstundes at eg ikkje tok stilling til om eg ville stille eller ikkje. No har eg vald å ta namnet mitt vekk frå leiinga sin personkabal, seier Lundteigen.
Sp-politikaren sa ja av di han meiner det er behov for å revitalisere den politiske debatten i partiet.
- Personar sine standpunkt kan medverke til ein større debatt, meiner Lundteigen, som er glad for den stønaden han har fått frå ulike hald i partiet.
- Har valkomiteen vore i kontakt med deg?
- Nei.
- Kva tenkjer du om det?
- Det seier meir om komiteen sine prioriteringar enn kva som er mitt alliansenettverk. Eg ville ikkje vorte vald til Stortinget utan oppslutning frå meir utradisjonelle Sp-veljarar, seier Lundteigen.
- Kvifor sa du ikkje frå før?
- Det er to årsaker. For det fyrste ynskte eg at diskusjonen om kven som ska sitje i partileiinga skulle gå i partiet. For det andre skal ikkje dette spørsmålet overskugge andre saker eg vil ta opp på landsmøtet. Det er uvanleg at ein kandidat ikkje blir kalla inn. Det syner at komiteen har vore forutinntatt.
Sp-politikaren frå Vestfossen meiner det er feil at han blir karakterisert som ein smal politikar av valkomiteen.
Les også: Vil heller ha Borten Moe enn Lundteigen
Han seier han medvite har vald å fokusere på landbrukspolitikk det siste året.
- Den politiske situasjonen under den raudgrøne regjeringa burde sjølvsagt tilseia at det ville vore unødvendig å bruke så mykje tid på landbrukspolitikk. Men grasrota har bede om tydelege stemmer inn i debatten, seier Lundteigen.
Les også: Vil reise benkeforslag på Lundteigen
- Eg er heller ikkje redd for å vedkjenne meg Senterpartiet sine bonderøter. Eg har vore oppteken av at paritet skal ha overhøgde over situasjonen, evne til å kraftsamle, og så koma med positive løysingar på viktige utfordringar i samfunnet. Den sterkaste stønaden har nok eg i grasrota.