Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil forske på sauerapen for å gjere den meir miljøvennleg

Jordbruket står for 8,8 prosent av norske klimagassutslepp, viser tal frå Miljødirektoratet. Mykje av dei utsleppa kjem frå fordøyinga til dyr. Avls-teknologi frå New Zealand skal no bidra til å få ned metanutsleppa.

Jordbruket står for 8,8 prosent av norske klimagassutslepp, viser tal frå Miljødirektoratet. Mykje av dei utsleppa kjem frå fordøyinga til dyr. Avls-teknologi frå New Zealand skal no bidra til å få ned metanutsleppa. Arkivfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK
Jordbruket står for 8,8 prosent av norske klimagassutslepp, viser tal frå Miljødirektoratet. Mykje av dei utsleppa kjem frå fordøyinga til dyr. Avls-teknologi frå New Zealand skal no bidra til å få ned metanutsleppa. Arkivfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

– No ønskjer vi å sjå om vi kan drive avlstiltak for å få ned metanutsleppet, seier Thor Blichfeldt, avls- og seminsjef i Norsk Sau og Geit til NRK.

På New Zealand driv dei eit avlsprogram for å avle fram sauer som slepper ut mindre metan, ifølgje The Guardian. I 2013 slo ein forskar i landet fast at metan-raping hos sau er arveleg.

Annonse

Med teknologien frå New Zealand skal Norsk Sau og Geit reise rundt i landet og måle utslepp frå sauer. Dei ønskjer å finne ut om mengda metangass som blir sleppt ut har med genar å gjere. Fram til februar neste år skal dei måle om lag 3.000 dyr på 60 gardar i landet. Resultatet kjem om to år.

– Etter to år må vi ha gjort opp ei meining om kor bra dette her er, og då håpar vi det er sånn at vi kan ta det inn i det vanlege avlsarbeidet saman med dei andre eigenskapane vi legg vekt på, seier Thor Blichfeldt.

(©NPK)

Neste artikkel

Forsker på nytt klimagjødsel