Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil forske meir på helsa til bøndene

Ruralis-forskar Brit Logstein vil koordinere forsking på alle aspekt ved helsa til bøndene gjennom Nasjonalt fagkompetansesenter for landbrukshelse.

Illustrasjonsfoto: Mostphotos
Illustrasjonsfoto: Mostphotos

– Å vere fagleg oppdatert betyr mykje for korleis dei yngre bøndene har det. Det er viktig å føle seg kompetent til å takle utfordringane, når det oppstår sjukdom i besetninga, tørke eller flaum. Det igjen bidreg til ei kjensle av kontroll, seier Logstein i ei sak på nettsidene til Ruralis.

Annonse

Prosjektet «Unge bønder og psykisk helse» blei nominert til Helseprisen 2019.

– At det prosjektet blir nominert til den prisen bidrar til meir merksemd rundt temaet bønder og helse. Det viser at temaet er høgaktuelt, og at det er viktig med eit kompetansesenter, seier Logstein.

Helseprisen blir delt ut av stiftinga Dam kvart år. «Unge bønder og psykisk helse» var eitt av tre nominerte prosjekt. Prosjektet er eit samarbeid mellom Mental Helse Ungdom, Ruralis, Norges Bygdeungdomslag, Norges Bondelag, Norsk Landbruksrådgiving og Norsk Landbrukssamvirke.

Neste artikkel

Havbruksbedrifter varsler søksmål mot regjeringen