Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil forhandle med staten i jordbruksoppgjeret

Bondeorganisasjonane melder at dei vil forhandle med staten om årets jordbruksoppgjer.

Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag, Leif Forsell, statens forhandlingsleiar og Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, er klare til å forhandle om ny jordbruksavtale. Foto: Siri Juell Rasmussen

Torsdag ettermiddag melde bondeorganisasjonane frå til staten at dei vil gå i forhandlingar basert på tilbodet som blei lagt fram tysdag.

Det seier Lise Boeck Jakobsen, kommunikasjonssjef i Norges Bondelag, til Nationen. Forhandlingane vil starte fredag.

Leiar i Norges Bondelag og leiar i Jordbrukets forhandlingsutval, Lars Petter Bartnes, forventer at staten viser stor forhandlingsvilje.

– Målet er å kome fram til ein avtale som styrker våre moglegheiter til å bruke jorda over heile landet til matproduksjon. Avstanden mellom oss og staten er stor på fleire punkt. Denne avstanden må reduserast for at vi skal skrive under på ein avtale, seier Bartnes i ei pressemelding.

Han viser til at jordbruket prioriterte å løfte kornproduksjonen og styrke strukturen i næringa, i tillegg til å satse på frukt, bær og grønt og styrke inntekta til bøndene.

– Eg ventar ei betydeleg forhandlingsvilje frå motparten i den vidare prosessen, seier han.

Annonse

Kjersti Hoff, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag, kommenterer situasjonen slik:

– Vi ser at inntektsgapet er for stort, men vi meiner at her bør det vere meir å hente med den regjeringa vi har nå, seier Hoff til Nationen torsdag ettermiddag like etter å ha meldt frå til staten om at dei vil forhandle.

Hoff seier dei òg er opptatt av å styrke strukturen i landbruket og satse meir på små og mellomstore bruk.

Forhandlingane med staten vil ifølgje Hoff starte opp på fredag kl. 12.30.

– Må staten ut med meir pengar for å få ein avtale?

– Det er eit viktig punkt, absolutt. Vi går i forhandlingar med mål om å få til ei løysing. Då må staten kome med meir pengar, seier Hoff.

Neste artikkel

Fortvilt potetbonde frir til Bollestad – men får nei