Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Veterinærinstituttet meiner handteringa av mædi blir krevjande

Virussjukdomen mædi vart nyleg påvist hjå sau i Trøndelag, og i ei kontaktbesetning er det påvist antistoff mot mædivirus. Veterinærinstituttet meiner handteringa av mædi blir krevjande.

Illustrasjonsbilete. Foto: Benjamin Hernes Vogl

– Veterinærinstituttet vurderer situasjonen som alvorleg, og handteringa blir ressurskrevjande, seier beredskaps- og sikkerheitsdirektør Jorun Jarp ved Veterinærinstituttet ei pressemelding.

– Det er fordi virusinfeksjonen utviklar seg langsamt i dyra, antistoff mot virus kan komme seint, og det kan vere få smitta dyr i kvar besetning, i tillegg til at strukturen i sauehaldet medfører mange kontaktpunkt mellom ulike sauehald, seier ho.

Mattilsynet og Veterinærinstituttet jobbar med å lage ein plan for sanering og for å hindre at mædi spreier seg. Planen er forventa å vere klar over sommaren.

– Framover blir det viktig å kartlegge utbreiinga av mædi gjennom omfattande blodprøvetesting. Samtidig kartlegg Mattilsynet kontaktmønsteret til sauebesetningane i området der me har påvist mædi-positive dyr, seier Jarp.

Samstundes melder Veterinærinstituttet at dei har fått betre laboratoriemetodar sidan det førre mædi-utbrotet i Noreg i 2002–2006.

Annonse

– Med dagens analysemetodar kan me analysere fleire prøvar på kortare tid, og me kan oppdage om eit dyr er smitta av mædi på eit tidlegare tidspunkt enn det me kunne i 2002, seier Jarp.

Ifølgje Jarp har mædi store samfunnsmessige konsekvensar.

– Ved tidlegare utbrot, blant anna på Island, er det blitt berekna at mædi kan gi eit produktivitetstap på 30 til 35 prosent for sauenæringa. Det kjem på toppen av at dyra får svekka helse og velferd, seier ho.

Fakta

Mædi

Mædi er ein smittsam virussjukdom som utviklar seg langsamt. Det tar vanlegvis to til åtte veker før dyr dannar antistoff som er mogleg å påvise. Det finst ingen behandling eller vaksine for sjukdommen.

Den vanlegaste forma av mædi er kronisk lungebetennelse med pustebry. Mædi kan også føre til hjernebetennelse, leddbetennelse og jurbetennelse, men dette er mindre vanleg. Nokon dyr viser milde eller ingen symptom.

Dei fleste sauane blir smitta av viruset som lam, og det kan ta fleire år frå dyra blir smitta til dei blir sjuke. Viruset smittar via råmjølk eller mjølk, spytt, lungesekret og snutekontakt. Den vanlegaste smittevegen er via mjølk frå søye til lam. Smitte via luftvegane krev nær kontakt over ein lengre periode.

Den viktigaste årsaka til at viruset spreier seg mellom saueflokkar, er innkjøp eller flytting av smitta dyr. Under vanlege norske forhold er risikoen for smitte på utmarksbeite liten. Oppstalling av dyr i små innhegningar, når sauar blir sanka og transportert saman, kan vere risikofaktorar for overføring av smitte mellom flokkar.

Det siste utbrotet av mædi i Noreg blei oppdag på kjøttkontrollen i slakteriet hausten 2002. Påvisinga medførte at over 15000 blodprøver frå meir enn 300 saueflokkar blei analysert serologisk for å kartlegge smittespreiing. Mædi blei påvist for første gong i Noreg i 1973.

Kjelde: Veterinærinstituttet

LES OGSÅ:

Neste artikkel

Mædi-smitte påvist hos sau i Trøndelag