Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ventar mindre sal av lam, men vekst for gris, egg og storfe

Stengde grenser gir vekst i salet av gris, egg og storfe, ifølgje Nortura, men prognosen for sal av lam er nedjustert.

Prognose: Salet av lam er nedjustert med 500 tonn i siste prognose frå Nortura, noko som gir eit venta overskot på 1600 tonn i år. Frå før ligg det over 2000 tonn på reguleringslager. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Prognose: Salet av lam er nedjustert med 500 tonn i siste prognose frå Nortura, noko som gir eit venta overskot på 1600 tonn i år. Frå før ligg det over 2000 tonn på reguleringslager. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Nortura totalmarked, som er marknadsregulator for kjøtt og egg, la onsdag fram ein ny prognose for kjøtt og egg.

Det har i lengre tid vore overskot av både svin, sauer, lam og egg i marknaden, noko som har pressa prisane til bøndene ned.

Den nye prognosen viser betring i marknadsbalansen for gris og egg, medan for lam peiker pilene i motset veg.

Auka sal av svin og storfe

Koronaviruset, som fører til stengde grenser og redusert grensehandel, får innverknad på salet viser prognosen.

Ifølgje Nortura er det særleg salet av storfe og gris som får ein oppsving.

«Det er storfe og gris som opplever økt salg som følge av bortfall av grensehandel. Vi legger til grunn at grensene vil være stengt frem til 16. mai som er myndighetens sist kjente beslutning», skriv Nortura i prognosen.

Nortura legg til grunn at det i 3. kvartal vil vere om lag tre prosent fleire menneske i Norge enn normalt og at det vil føre til meir sal av desse kjøttslaga.

For gris er salet oppjustert frå 130.900 tonn i mars-prognosen til 133.400 tonn i den nye prognosen.

For storfe er salet venta å auke frå 98.600 tonn til 100.400 tonn.

Salsvekst: Salet av svinekjøtt er oppjustet med 2500 tonn sidan prognosen i mars. Nortura skriv at underskotet på svin opnar for å ta ut målpris. Det vil gi ein etterlengta prisauke for bøndene etter år med svak økonomi. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Salsvekst: Salet av svinekjøtt er oppjustet med 2500 tonn sidan prognosen i mars. Nortura skriv at underskotet på svin opnar for å ta ut målpris. Det vil gi ein etterlengta prisauke for bøndene etter år med svak økonomi. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Større overskot av lam

For lam er salet derimot venta å gå ned.

I prognosen i mars venta Nortura eit sal på 19.000 tonn lammekjøtt i 2020.

I den nye prognosen er salet nedjustert til 18.500 tonn.

Dermed er overskotet av lammekjøtt venta å auke frå 1100 tonn til 1600 tonn inneverande år. Det kjem på toppen av godt over 2000 tonn som ligg på reguleringslager.

Ved utgangen av veke 16 låg det 2375 tonn lammekjøtt på reguleringslager. Det er over 1300 tonn meir enn på same tid i fjor.

«Salget av lam har vært svakt og uttaket fra reguleringslager har hittil i år vært lavere enn forventet», skriv Nortura.

Prognosen om eit overskot på 1600 tonn i 2020 føreset at heile importkvoten frå Island og WTO-kvoten blir utnytta.

«Det er fortsatt overproduksjon av lam og det ligger fortsatt over 2 000 tonn med lam på reguleringslager. Disse er heldigvis av god kvalitet og holdbarhet, så vi håper aktører i bransjen ser muligheten til å benytte seg av lam fra reguleringslager inn i grillsesongen», uttalar Ole Nikolai Skulberg, som er direktør for Totalmarked kjøtt og egg i Nortura.

Tilførslane av sau er nedjustert frå 4900 tonn til 4700 tonn. Overskotet av sauekjøtt er med det også nedjustert tilsvarande til 400 tonn. Lagersituasjonen på sau er derimot kraftig forbetra sidan i fjor. Nortura har i dag ikkje sauekjøtt på reguleringslager. På same tid i fjor var det 911 tonn med sauekjøtt på lager.

– Tar ut målpris på gris

For svinebønder er prognosen om auka sal av svinekjøtt godt nytt etter ei årrekke med overskot av svinekjøtt og svært pressa økonomi.

Annonse

I den nye prognosen ventar Nortura ei underdekning på 1500 tonn svinekjøtt i år mot 1000 tonn i sist prognose. Det betyr at reguleringslageret kan reduserast.

Ved nyttår var det 2162 tonn svinekjøtt på reguleringslager. Det er redusert til 1798 tonn i utgangen av veke 16.

Sjølv om salet av svinekjøtt er venta å auke med 1 prosent i år, så viser prognosen til Nortura at produksjonen går litt mindre ned enn venta. I mars venta dei tre prosent nedgang i produksjonen. Det er redusert til to prosent nedgang nå.

«Prognosen for tilførslene er imidlertid også oppjustert på grunn økte slaktegrisvekter. Til sammen gir dette et lite underskudd i prognosen som gir oss mulighet for å kunne ta ut målprisen på gris. Det er positivt, og et godt utgangspunkt for 2021 når reguleringseksporten forsvinner», skriv Skulberg i omtalen av prognosen.

Eggvekst: Salet av egg har vore unormalt høgt i det siste, melder Nortura, som likevel åtvarar mot at det framleis er overproduksjon og ikkje rom for nyetablering. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Eggvekst: Salet av egg har vore unormalt høgt i det siste, melder Nortura, som likevel åtvarar mot at det framleis er overproduksjon og ikkje rom for nyetablering. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– Unormalt høgt eggsal

På egg er salet oppjustert med 300 tonn samanlikna med mars-prognosen. Det fører til at overskotet av egg er nedjustert frå 1000 tonn til 600 tonn.

«Salget av egg i starten av året var svakt, men har økt voldsomt som følge av at store deler av den norske befolkningen har holdt seg hjemme. Denne salgsveksten er midlertidig», skriv Nortura.

Samla ventar Nortura at salet av egg vil auke med rundt ein prosent for heile 2020.

Tilførslane av egg er på same tid venta å auke med 1,6 prosent. I prognosen ligg det inne avtalt uttak av 370 tonn som følgje av førtidsslakting. Nortura skriv at det prognoserte overskotet etter sommaren kan handterast med det verkemiddelet.

«Selv om det nå i en periode har vært unormalt høyt forbruk av egg advarer vi mot nyetableringer i eggproduksjonen. Det er fortsatt overskudd av egg ved en normal situasjon, og vi vil etter hvert oppleve at vi kommer tilbake den», skriv Skulberg.

Importbehov: Salet av storfekjøtt aukar medan produksjonen er venta å gå ned, melder Nortura. Det fører til at importbehovet aukar med over 2000 tonn til heile 15.600 tonn i år. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Importbehov: Salet av storfekjøtt aukar medan produksjonen er venta å gå ned, melder Nortura. Det fører til at importbehovet aukar med over 2000 tonn til heile 15.600 tonn i år. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Må importere meir storfe

For storfe ventar Nortura ein nedgang i produksjonen på to prosent i år.

I mars rekna Nortura med at produksjonen ville bli på 85.100 tonn i år. Nå er anslaget redusert til 84.800 tonn.

«Dette skyldes forventet nedgang i antall melkekyr til slakt», skriv Nortura.

Salet av storfekjøtt var før venta å gå ned målt mot fjoråret. I den nye prognosen er det salet nå tvert imot venta å gå opp med rundt ein prosent.

«Den største økningen ser vi som følge av stor etterspørsel etter kjøttdeig av storfe i perioden med som er innført med begrensninger i samfunnet», skriv Nortura.

Nortura skriv at dei ikkje ventar at salsauken på storfe vil vare lenge og at dei ventar ei meir «normal utvikling» etter kvart som samfunnet blir opna opp.

I den nye prognosen er importbehovet på storfekjøtt venta å bli på heile 15.600 tonn i år. For utan importkvotar på 9000 tonn gir det ei underdekning på 6600 tonn.

Importbehovet har med det auka med 2100 tonn sidan prognosen i mars.

Fakta

Marknadsregulering

Det er marknadsregulering på dei fleste kjøttslaga, mjølk, egg og korn.

Bøndene betalar for reguleringa ved omsetningsavgift. Omsetningsrådet fattar vedtak om tiltak.

Landbrukssamvirka Nortura, Tine og Felleskjøpet, som er marknadsregulatorar, har ansvar for å balansere marknaden. Dei har òg mottaksplikt for leveransar frå bøndene, forsyningsplikt for råvarer til andre industriaktørar og ansvar for å ta ut prisane som blir vedtatt i jordbruksoppgjera.

Neste artikkel

Nortura-grep skaper uro i halalmarkedet