Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Varslar prisauke for svinekjøtt og stort overskot av egg

Produksjonen av svinekjøtt er venta å gå ned nær seks prosent i år, noko som får Nortura til å varsle prisauke. Det er stort overskot av egg og sauekjøtt, men mange sauebønder gir seg.

Marknadsbalanse: Kraftig nedgang i produksjonen av svinekjøtt får Nortura til å varsle prisoppgang frå 1. juli. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Ein ny prognose frå Nortura totalmarked, som er marknadsregulator for kjøtt og egg, viser at produksjonen av svinekjøtt går kraftig ned.

Nortura ventar eit fall i produksjonen på nær seks prosent i år og dei totale tilførslane av svinekjøtt er nedjustert med 1400 tonn frå prognosen i mars.

For heile 2019 ventar Nortura nå ein produksjon på 129.100 tonn svinekjøtt totalt.

Varslar prisauke på gris

Det har i lang tid vore stort overskot av svinekjøtt i marknaden. Nedgangen i produksjonen gir dermed betre marknadsbalanse, noko som får Nortura til å varsle prisoppgang.

– Vi er svært nøgde med at dette nå går rett veg. Uttaket av målpris ligg nå under med 1,15 kroner per kilo. Prognosen slik vi ser det nå gir oss grunnlag for å auke prisen på gris med 50 øre per kilo frå 1. juli, seier Ole Nikolai Skulberg, direktør i Nortura totalmarked.

Nortura ventar i den nye prognosen at underdekninga av svinekjøtt blir på 2000 tonn i 2019, noko som er ei dobling frå 1000 tonn i underdekning i prognosen i mars.

Ved utgangen av veke 16 midt i april låg det 2819 tonn svinekjøtt på reguleringslager.

Årsaka til den aukande underdekninga er ifølgje Nortura at produksjonen er venta å gå meir ned enn tidlegare anslag viste.

– Underskotet er heilt nødvendig når vi mister eksportmoglegheita i 2020, seier Skulberg i pressemeldinga.

Engrossalet av svinekjøtt er også nedjustert litt målt mot mars-prognosen. I mars venta Nortura eit totalsal på 133.500 tonn medan den nye prognosen viser eit sal på 133.100 tonn. Det er ein nedgang på ein prosent frå året før.

Til grunn for prognosen ligg også at importkvotane på 2000 tonn svinekjøtt blir fylt opp.

Vekst for storfe

For dei andre kjøttslaga er det mindre endringar frå sist prognose.

Produksjonen av storfekjøtt er oppjustert med 600 tonn, men salet er oppjustert med 800 tonn. Dermed aukar underdekninga i marknaden med 200 tonn til 3200 tonn.

Storfevekst: Nortura oppjusterer tilførslane av storfekjøtt med 600 tonn sidan førre prognose og melder at det er svært nær dekning i marknaden. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Annonse

Etter tørkesommaren har der derimot hopa seg opp med storfekjøtt på reguleringslager.

Lageret har blitt gradvis bygd ned igjen gjennom vinteren og ved midten av april ligg det vel 600 tonn storfekjøtt på reguleringslager.

– Prognosen stadfestar at vi nå er svært nær marknadsdekning for norsk storfe, seier Skulberg.

Sau: – Nødvendig underskot

For sau er prognosen for tilførslar uendra sidan mars medan salet er oppjustert med 100 tonn. Det gir ei underdekning på 700 tonn for heile 2019 isolert sett. I midten av april låg det 1966 tonn kjøtt frå sauer og lam på reguleringslager.

– Underskotet av sau og lam er heilt nødvendig nå. Vi må kome oss ut av dette uføret med stadige utfordringar med å få ut sauen frå reguleringslager. Eit underskot i marknaden vil avhjelpe den situasjonen, seier Skulberg.

Samla ventar Nortura ein reduksjon i produksjonen av kjøtt frå sauer og lam på om lag seks prosent i 2019 målt mot 2018. Ei medverkande årsak er at søknadene om produksjonstilskot viser at 3,5 prosent av sauebøndene har lagt ned produksjonen.

Sauetrøbbel: Langvarig overskot av sauekjøtt gir store tap for bønder. Underdekninga som er venta i 2019 er ifølgje Nortura heilt nødvendig for å redusere kjøttlagera. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Basert på fosterteljingane har Nortura lagt inn ein auke i talet på lam per søye med to prosent i 2019 medan engrossalet er venta å gå ned med to prosent samanlikna med 2018.

Stort overskot av egg

Overproduksjonen av egg ventar Nortura blir på 1700 tonn i år. Det er ein liten nedgang frå 2000 tonn i førre prognose noko som kjem av litt høgare sal og ein liten reduksjon i tilførslane.

Omsetningsrådet har godkjent førtidsslakting av verpehøner som tilsvarar ein produksjonskapasitet på 1000 tonn egg.

– Det store overskotet av egg viser heilt klart at det ikkje er rom for nyetableringar innan eggsektoren. I tillegg ser vi at etterspørselen etter egg frå miljøinnreiing er låg. Det vil om kort tid ikkje vere særleg rom for egg frå miljøinnreiing, seier Skulberg.

Den samla produksjonen av egg er venta å bli på 66.100 tonn i år, ein auke på rundt fire prosent frå året før. Engrossalet er venta å bli på 64.700 tonn, ein auke på ein prosent.

Prognosane til tilførslar og overskot av kjøtt og egg har innverknad på jordbruksoppgjeret og truleg også på tilbodet frå staten, som etter planen skal leggjast fram på tysdag.

Neste artikkel

Tyskland kan få høyere moms på kjøtt