Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Varslar portforbod for fjørfe etter funn av fugleinfluensa

For første gong er det påvist ein alvorleg fugleinfluensa-variant på villfugl her i landet. Mattilsynet varslar portforbod for fjørfe og ber folk halde høner inne.

Smitterisiko: Etter funn av fugleinfluensa på ein villfugl ber Mattilsynet alle som har fjørfe om å halde fuglane innandørs under tak for å minimere kontakt mellom ville fuglar og tamfuglar og redusere risikoen for smitte. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Smitterisiko: Etter funn av fugleinfluensa på ein villfugl ber Mattilsynet alle som har fjørfe om å halde fuglane innandørs under tak for å minimere kontakt mellom ville fuglar og tamfuglar og redusere risikoen for smitte. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Mattilsynet melder om funn av fugleinfluensa på ei viltlevande kortnebbgås i Sandnes på Jæren i Rogaland.

Smitte til fjørfe kan gi svært alvorlege konsekvensar for fjørfenæringa, ifølgje Mattilsynet.

– Hald fjørfe innandørs

Mattilsynet varslar at dei vil innføre portforbod for fjørfe i enkelte delar av landet innan få dagar.

Eit portforbod betyr at alle tamfuglar skal vere under tak for å hindre smitte frå ville fuglar.

«Inntil dette er på plass ber vi alle som har fjørfe om å selv ta ansvar, og holde fuglene innendørs eller under tak for å minimere kontakt mellom ville fugler og tamfugler. Taket skal være tett for å beskytte mot avføring fra villfugler», skriv Mattilsynet i ei pressemelding.

Portforbodet vil i første omgang gjelde for fjørfe langs heile kysten frå og med Østfold til og med Rogaland, skriv Mattilsynet.

«Den kommersielle fjørfenæringen i disse områdene bør sikre seg mot mulig smitte ved å holde ender og andre fjørfe innendørs inntil videre», uttalar Ole-Herman Tronerud, seksjonssjef dyrehelse i Mattilsynet.

– Alvorleg variant

Fugleinfluensaen som er påvist på ei kortnebbgås i Sandnes er av typen H5N8, som ifølgje Mattilsynet er ein «høypatogen» variant.

Høgpatogene variantar av fugleinfluensa kan gi meir alvorleg sjukdom på fugl enn lågpatogene variantar.

Det er første gong det er påvist såkalla høgpatogent fugleinfluensavirus (HPAI) i Norge, ifølgje Veterinærinstituttet, som melder at det truleg er snakk om same virus som er påvist i fleire naboland.

«Dette viruset er trolig av samme type som fugleinfluensavirus som er påvist hos en rekke fugler i Danmark, Nederland og Tyskland samt andre europeiske land denne høsten», skriv Veterinærinstituttet.

– Meld frå om døde fuglar

Mattilsynet kjem med klare oppfordringar til folk om å melde frå om dei ser daude fuglar.

«Vi ber alle som ser døde fugler om å varsle oss slik at vi kan komme ut og teste for smitte. Folkehelseinstituttet vurderer risikoen for smitte til mennesker som svært lav. Samtidig ber vi om at ingen tar på syke og døde fugler, da disse kan ha andre smittestoffer med seg som for eksempel salmonella», uttalar Tronerud.

Annonse

Mattilsynet skriv at dei er avhengige av tips frå publikum for å kunne fange opp smittetilfelle av fugleinfluensa på eit tidleg tidspunkt.

Dei oppfordrar alle som finn daude andefuglar som ender, gjess og svaner eller måkefuglar, vadefuglar, rovfuglar eller åtseletarar som kråke og ravn til å kontakte Mattilsynet på telefon 22 40 00 00.

«Vi vil da vurdere om kadaveret egner seg for prøvetakning for å undersøke om fugleinfluensa kan være dødsårsaken. Sannsynligheten for å finne smitta fugler vil være størst i områder som trekkfugler benytter som rasteplasser», uttalar Tronerud.

Alvorleg: Fugleinfluensa-varianten som er påvist på ei kortnebbgås i Sandnes i Rogaland er såkalla høgpatogen, som er ein meir alvorleg og dødeleg variant og smittar svært lett mellom fuglar. Illustrasjonsfoto: Morten Günther
Alvorleg: Fugleinfluensa-varianten som er påvist på ei kortnebbgås i Sandnes i Rogaland er såkalla høgpatogen, som er ein meir alvorleg og dødeleg variant og smittar svært lett mellom fuglar. Illustrasjonsfoto: Morten Günther

– Låg risiko for menneske

Fugleinfluensa utgjer ifølgje Mattilsynet først og fremst ein risiko for fuglar og sjukdommen smittar svært lett mellom fuglar.

Risikoen for smitte til menneske er ifølgje både Mattilsynet og Veterinærinstituttet låg.

«Det er ikke påvist smitte overført til mennesker av H5N8 i Europa, og risikoen for slik smitte vurderes som svært lav», skriv Veterinærinstituttet.

– Over 90 prosent kan døy

Ved sterkt sjukdomsframkallande fugleinfluensa, som denne varianten av høgpatogen type, vil mange fuglar kunne døy på kort tid.

«Ved sterkt sykdomsfremkallende fugleinfluensa (høypatogen type) vil man kunne se høy dødelighet i fjørfeflokken uten forutgående symptomer, i noen tilfeller ses også luftveissymptomer eller bevegelsesforstyrrelser som for eksempel lammelser (sentralnervøse symptomer). Dersom du ser slike symptomer hos fugler i flokken din ber vi deg kontakte Mattilsynet så raskt som mulig», uttalar Tronerud.

Veterinærinstituttet skriv at denne alvorlege varianten av fugleinfluensa kan ta knekken på nær heile fugleflokkar om fjørfe blir smitta.

«Dødeligheten i fjørfeflokker kan i enkelte tilfeller være på over 90 prosent», skriv Veterinærinstituttet.

Veterinærinstituttet skriv at det er viktig å hindre at virus kjem inn i kommersielt fjørfehald eller hobbyfjørfe der det kan gi alvorleg sjukdom og død på fuglane.

– For første gong i Norge

Dei siste vekene har det blitt påvist fugleinfluensa både på fjørfebesetningar og villfugl ved ei rekke europeiske land, inkludert Danmark og Sverige.

«Det er dette viruset som nå for første gang er påvist hos fugl i Norge. Dette viruset har gitt omfattende utbrudd hos fugl i Europa også tidligere, men det er aldri påvist tilfeller av smitte til mennesker med dette viruset», skriv Mattilsynet.

Neste artikkel

Mann tiltalt for grove seksuelle overgrep mot 40 hunder