Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Uønskte planteartar i importert fuglefôr

Det er funne frø av floghavre, hønsehirse, hamp og ambrosia i fleire typar importert fuglefôr.

Ambrosia er blant de frøene som har blitt funnet. Foto: Colourbox

Dette er uønskte artar som enten fører til store utfordringar for landbruket, både økonomisk og miljømessig, eller kan representere eit dyre- og folkehelseproblem.

I 2017 gjennomførte Mattilsynet for første gong overvakings- og kartleggingsprogrammet «Uønskte arter (frø) i fôr, mat og såvare». Målet med programmet er å få meir kunnskap om kva artar som utilsikta følgjer med i importerte produkt. Programmet fokuserer særleg på planteartane floghavre, hamp, ambrosia og hønsehirse, i tillegg til soppen meldrøye.

Annonse

Omtrent 20 prosent av villfuglblandingane som vart undersøkte inneheldt spiredyktig floghavre og nærmare 80 prosent inneheldt hønsehirse. Det er forbode å importere og omsette produkt med floghavre.

– Resultata viser at import og omsetning av fôr til villfuglar, særleg frøblandingar, meisebollar og diverse talgprodukt, representerer ein risiko for spreiing av fleire uønskte planteartar, seier Torgun Johnsen, seniorrådgjevar i planteseksjonen i Mattilsynet, i ei pressemelding.

Floghavre kan vere svært skadeleg for dei som dyrkar korn. Mykje floghavre i åkeren fører til redusert avling. Floghavre spreier seg lett og er vanskeleg å bli kvitt når han først har etablert seg. Floghavre gjer skade ved å konkurrere med dei andre plantene om næring, lys og vatn.

Hønsehirse har dei siste åra spreidd seg til stadig nye jordbruksområde. Vitskapskomiteen for mat og miljø har vurdert at hønsehirse har eit vel så stort skadepotensial for landbruket som floghavre.

Neste artikkel

Virke jubler over at 350-kronersgrensen trolig er historie