Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ung bonde ber for matjorda, men KrF lar seg ikkje rokke

Ein ung bonde med nytt fjøs ber politikarane spare matjorda. Han blir ikkje bønnhøyrd av KrF sjølv om Bollestad kallar det galskap å bygge ned jord.

Jordvernstrid: 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren har blitt senter for eit stort jordvernslag der også tidlegare og nåverande KrF-profilar inntar ulike roller og sider. Den dyrka jorda er av beste kvalitet, ifølgje Nibio, og i fleire år har området blitt brukt til dyrking av gulrøter. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Jordvernstrid: 150 mål dyrka jord på Ree og Svertingstad utanfor Bryne i Time på Jæren har blitt senter for eit stort jordvernslag der også tidlegare og nåverande KrF-profilar inntar ulike roller og sider. Den dyrka jorda er av beste kvalitet, ifølgje Nibio, og i fleire år har området blitt brukt til dyrking av gulrøter. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

I Time på Jæren, som ifølgje SSB er ein av kommunane som bygger ned mest matjord her i landet, har det bygd seg opp ein durabeleg jordvernstrid siste vekene.

I fleire underskriftskampanjar på nett har til saman eit par tusen personar signert på opprop der lokalpolitikarane blir oppfordra til å spare 150 mål førsteklasses matjord utanfor Bryne mot nedbygging.

Fylkesmannen i Rogaland oppfordrar også lokalpolitikarane til å snu.

«Tida er forbi der vi nyttar god fulldyrka jord til arealkrevjande bygg for industri eller handel med parkeringsplassar på bakkeplan», skriv Fylkesmannen.

Bonde vil ikkje selje

Bonden som eig 45 av dei godt og vel 150 måla, Runar Salte, er 28 år og har nyleg investert opp mot 20 millionar kroner i nytt robotfjøs og oppbygging av driftsgrunnlaget.

Salte er sterkt imot at jorda skal bli bygd ned, skriv Jærbladet, som viser til at 28-åringen både har signert oppropet og har skrive brev til kommunen for å klargjere at han verken har inngått opsjonsavtalar på jorda eller har selt jorda. Det har han heller ingen ønsker om.

– Ståstaden min er at eg er for landbruket. Eg ønskjer å kjøpa jord, ikkje å selja jord, seier Salte til Jærbladet.

Avisa skriv også at Salte stiller spørsmålsteikn ved at området der delar av garden hans inngår er tenkt brukt til arealkrevjande handel.

Jorda som kan bli bygd ned inngår i driftsgrunnlaget til Salte. 28-åringen har ein stor mjølkeproduksjon med godt over 350.000 liter i grunnkvote. Det er dermed berre vel 400 bønder her i landet som eig ein større kvote enn Salte.

Det har ikkje lukkast Nationen å få kommentar frå 28-åringen.

Ein av initiativtakarane for jordvern-oppropet, Tarald Oma, rosar 28-åringen for å seie nei til å selje jorda til utbyggingsformål.

«Det er ei haldning som det står respekt av, og så får me håpa at kommunestyret tek omsyn til den unge bonden, når dei skal avgjera saka 15. sept. Time kommune som er ein jordbrukskommune bør støtta dei unge bøndene», skriv Oma på si Facebook-side.

Fakta

Matjord, jordvern og Time

3% av landarealet i Norge er matjord. Det kan gå 1000 år å danne 10 cm jord. Norge er blant landa i verda som har minst matjord per innbyggar.

Stortinget har vedtatt eit mål om at maks 4000 mål dyrka jord skal kunne brukast til andre formål per år innan år 2020.

Det er kommunane som styrer arealbruken gjennom reguleringsplanar og som kan gi grønt lys for å omdisponere jord frå landbruksformål til utbyggingsformål.

Time på Jæren er ein av kommunane som bygger ned mest jord. Frå 2005 til 2019 omdisponerte Time 1390 mål dyrka jord, nær 93 mål i snitt per år. Berre 10 kommunar omdisponerte meir. Tar ein med dyrkbar jord omdisponerte Time til saman 4029 mål ifølgje SSB. Berre 3 kommunar i heile landet har bygd ned meir jord dei siste 15 åra.

Det går for tida føre seg to store jordvernstridar i Time. 150 mål dyrka jord kan måtte vike til fordel for industri, lager og sal av plasskrevjande varer. I ein annan kant av kommunen er det planar om å bruke opp mot 2000 mål jordbruksjord til utbygging av datasenter.

Bollestad: – Galskap

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) har fleire gonger siste tida sterkt oppfordra lokalpolitikarar til ikkje å bygge ned dyrka jord.

«Det er galviktig for kommunepolitikere at de nå ikke bygger ned den dyrkede marken. Skal vi øke selvforsyningen av grønnsaker, må de ikke gjøre det», sa Bollestad til NTB i juli etter eit besøk i Østfold.

Då ministeren besøkte Rogaland første helga i september var meldinga til lokalpolitikarane klokkeklar:

«Vekstsesongen er kort i Norge, men lengre i Rogaland enn mange andre steder i landet. FN sier at vi innen 2050 må kunne produsere 60 prosent mer mat. Og vi har bare tre prosent av landet å gjøre det på. Det er galskap å bygge ned dyrka jord», sa Bollestad til Rogalands Avis Dagsavisen der ho også kalla nedbygging av jord «utrolig kortsiktig».

«Det er galskap å bygge ned dyrka jord»

Olaug Bollestad, landbruks- og matminister for KrF
"Galskap": Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) kalla det galskap å bygge ned dyrka jord då ho besøkte Rogaland sist helg. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
"Galskap": Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) kalla det galskap å bygge ned dyrka jord då ho besøkte Rogaland sist helg. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Også tidlegare KrF-representant for Rogaland på Stortinget, Olaf Gjedrem, har gått ut mot det han kallar «galskap».

«Å omdisponere matjord til næringsområde er galskap, og i sterk konflikt med nasjonale og regionale jordvernstrategier», skriv Gjedrem i eit brev til Time kommune rapporterer Stavanger Aftenblad.

Gjedrem uttalar seg i kraft av å vere leiar i Jordvernforeininga i Rogaland.

Motstand: Olaf Gjedrem, som er leiar i Jordvernforeninga i Rogaland og tidlegare stortingsrepresentant for KrF, er ein av mange aktørar som har gått ut mot planane om å bygge ned over 150 mål dyrka jord i Time. Jorda er ifølgje Nibio av svært god kvalitet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Motstand: Olaf Gjedrem, som er leiar i Jordvernforeninga i Rogaland og tidlegare stortingsrepresentant for KrF, er ein av mange aktørar som har gått ut mot planane om å bygge ned over 150 mål dyrka jord i Time. Jorda er ifølgje Nibio av svært god kvalitet. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Annonse

Ikkje bønnhøyrd av KrF

I Time er det nettopp partiet til Bollestad og Gjedrem, KrF, som kan kome på vippen når framtida til den dyrka jorda skal avgjerast.

I utvalet for lokal utvikling var det KrF som saman med Høgre og Frp sørga for eit knappast mogleg fleirtal for å gå vidare med utbyggingsplanane. Saka vart anka inn for kommunestyret av representantar frå Sp, MDG og Ap.

Oppfordringane frå fleire hald om å spare den dyrka jorda ser derimot ikkje ut til å bli bønnhøyrd av lokalpolitikarane til KrF. Gruppeleiaren for KrF, tidlegare varaordførar Sverre Risa, synest heller ikkje utspelet frå den unge bonden er god nok grunn til å snu.

– Eg trur ikkje utspelet hans vil rokke på så mykje for vår del. Eg er opptatt av at vi skal vere føreseielege, seier Risa, som viser til at området ligg innanfor dei langsiktige grensene som er teikna for å avgrense veksten til Bryne.

«Eg trur ikkje utspelet hans vil rokke på så mykje for vår del. Eg er opptatt av at vi skal vere føreseielege»

Sverre Risa, gruppeleiar for KrF i Time

– Jorda går heller ikkje til grunne før på lengre sikt. Det er truleg ikkje før etter 2030 at jorda blir bygd ut, seier Risa, som sjølv har drive som bonde heile livet fram til han gav frå seg bruket for to og eit halvt år sidan.

Urokkeleg: Sverre Risa, gruppeleiar for KrF i Time og tidlegare varaordførar, seier han ikkje trur oppfordringane som har kome frå fleire hald om å snu vil rokke ved deira syn i saka. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Urokkeleg: Sverre Risa, gruppeleiar for KrF i Time og tidlegare varaordførar, seier han ikkje trur oppfordringane som har kome frå fleire hald om å snu vil rokke ved deira syn i saka. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Risa seier seg einig med Bollestad i at det er viktig å verne om jorda og han seier KrF også i Time set jordvern svært høgt.

– KrF er partiet som har vore tøffast på jordvern, seier Risa.

– De har ein gyllen sjanse her til å setje jordvern øvst?

– Ja, men vi må halde oss til avtalane og vere føreseielege. Det er veldig rart å kome klokka 5 på 12 og seie ein ikkje skal selje jorda likevel, seier Risa.

Frå KrF til tomtebransjen

Arnfinn Vigrestad, som var KrF-ordførar i Time frå 1999 til 2011, vil ikkje gi råd til KrF i jordvernstriden.

– Eg har tankar om det, men då eg slutta som ordførar bestemte eg meg for at eg skulle halde meg heilt borte frå politikken. Derfor vil eg ikkje blande med inn, seier Vigrestad til Nationen.

Vigrestad var ordførar då området blei sett av til utbygging i langsiktige planar.

«Då eg slutta som ordførar bestemte eg meg for at eg skulle halde meg heilt borte frå politikken»

Arnfinn Vigrestad, tidlegare KrF-ordførar, nå prosjektleiar i byggebransjen
Taus: Arnfinn Vigrestad, som var KrF-ordførar i Time i 12 år, vil ikkje gi råd til sine tidlegare partifellar i jordvernstriden. Sidan han slutta som ordførar har han jobba med å skaffe grunn til utbyggingsformål for eigedomsbransjen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Taus: Arnfinn Vigrestad, som var KrF-ordførar i Time i 12 år, vil ikkje gi råd til sine tidlegare partifellar i jordvernstriden. Sidan han slutta som ordførar har han jobba med å skaffe grunn til utbyggingsformål for eigedomsbransjen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Etter han slutta som ordførar har Vigrestad vore prosjektutviklar for Hellvik Hus Bryne, som er ein av aktørane som driv med eigedomsutvikling. Det er han framleis.

I ein artikkel i 2014 skreiv Nationen at Vigrestad er ein av mange ordførarar i Rogaland som har gått rett frå rolla som folkevald til å arbeide for aktørar som vil omregulere jordbruksjord til utbyggingsformål. I annonsekampanjar fronta Vigrestad jakta på tomteareal med ein kornåker som bakgrunnsfoto.

– Min jobb er å få tak i tomter og diskutere eigedomsutvikling med grunneigarar, sa Vigrestad til Nationen den gongen.

Det har ikkje lukkast Nationen å få kommentar frå Bollestad til den betente jordvernstriden. Til Jærbladet har Bollestad uttalt at det ikkje er rett av henne å blande seg inn i kommunale prosessar og meine noko konkret om enkeltsaker.

«Som landbruks- og matminister har jeg et overordnet ansvar for å ivareta landbruksjord til matproduksjon. Derfor har jeg vært tydelig overfor både lokale, regionale og nasjonale politikere at vi alle må være bevisst på verdien av matjorda vår. Vi bør alle jobbe for at minst mulig matjord går tapt når vi gjør avveininger og tar beslutninger», uttalte Bollestad til Jærbladet.

Dei 150 måla som er truga av nedbygging har ifølgje jordsmonnskarta til Nibio i all hovudsak «svært god jordkvalitet» og er i den beste klassen for dyrkinga av ei rekke grønsaker.

Neste artikkel

Seks sluttar med mjølk utan at talet på bønder går særleg ned