Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tørkesommaren har gitt færre norske grønsaker på lager

Det var gul og raud løk det gjekk verst utover etter tørken i sommar og regnet i haust. Lagera er nesten halverte samanlikna med i fjor. Potetavlingane er derimot ikkje spesielt hardt ramma, landet sett under eitt.

– Framleis er det mykje poteter i jorda i Trøndelag, men det er framleis håp om å redde litt av avlinga. Det står att derimot å sjå lagringsdyktigheita utover vinteren. Det vil vise seg ved seinare lagerteljingar. Den same uvissa knyter seg til grønsakene, sier Elin Hoel i Landbruksdirektorate t i ei pressemelding.

Lageret av konsumpoteter ligg på same nivå som dei siste to åra. For industripoteter er lageret 2 prosent høgare enn i fjor, medan det er ein reduksjon på 14 prosent samanlikna med sesongen 2016–2017.

Den vanskelege vekstsesongen har gått hardt utover gul og raud løk og gitt ein kraftig reduksjon i årets lager samanlikna med dei to førre sesongane. Frå i fjor er nedgangen på 49 prosent for gul løk og 41 prosent for raud løk. Det knyter seg også i år spenning til lagringskvaliteten framover. Både rotpersille, stilkselleri, kvitkål og raudkål har store reduksjonar i lagera samanlikna med fjorårets sesong.

Annonse

Lagera for gulrøter ligg 7 prosent lågare enn i fjor, noko som er mindre kritisk enn for andre store lagringsgrønsaker denne sesongen.

Nokre av dei mindre produksjonane har klart seg godt gjennom tørken og seinare regnet. Pastinakk er igjen oppe på same nivå som i sesongen 2016–2017, med ein oppgang på 80 prosent. Det utgjer likevel ikkje meir enn 110 tonn. 80 prosent auke er det også for knollselleri.

Dei fleste økologiske grønsakene har reduserte lager per 1. november samanlikna med same tid i fjor.

©NPK

Neste artikkel

Norge tredje dyrest i Europa