Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tok egg til brystet – vart hønemor

Anette Lian Aspås (38) lét først ein kylling varme seg i BH-en, så la ho eitt egg der også. No er ho hønemor til to kyllingar som ho gav ein mjuk start.

Anette Lian Aspås putta egg i BH-en. Foto: Privat
Anette Lian Aspås putta egg i BH-en. Foto: Privat

I fjor kjøpte Anette Lian Aspås (38) og mannen Steinar Aspås (43) småbruket Julsete frå 1865, på Skogn i Levanger kommune, i Trøndelag fylke. Ho driv ein skjønnheitssalong og mannen er betongarbeider hjå Kjølen og Nydal bygg AS, så planen var å ha høner i hagen, og kattar.

Etter å ha renovert ein heil del, og fått ferdig hagen, fekk dei og dei til saman fem jentene deira oppfylle draumen om å få seg høns. Dei skaffa seg både dvergkochin og australorb, og etter nokre månader har det blitt fleire.

– No har eg seks vaksne høner, og har selt ein del kyllingar. Eg har framleis ti kyllingar, og har endå meir klekking på gang, seier Anette Lian Aspås (38) til Nationen.

Men, for nokre av kyllingane kunne det gått gale.

– Då eg skulle fylle på vatn i hønsehuset låg det ein kylling og ropa på varme, og sidan hønemora støtte den frå seg tok eg den i BH-en, seier Anette.

Anette Lian Aspås putta kyllingen i BH-en. Foto: Privat
Anette Lian Aspås putta kyllingen i BH-en. Foto: Privat

Tok kylling til brystet

Laurdag hadde Anette kyllingen i BH-en heilt fram til kvelden då ho skulle legge seg.

– Då la eg den i ei øskje på golvet på badet. Døtrene i huset sjekka til den fleire gonger den natta, og no er den frisk og rask, og kjempekosete. Den vil veldig gjerne vere saman med meg, seier Anette.

– Dottera mi på fire kallar den for Lille Kylling, seier Anette.

Bragda var ikkje over. Dagen etter måtte Anette også by på varme.

– Åtte egg klekte i tur og orden, og fire resterande egg lét me ligge for å sjå om det vart noko av dei også. På søndag skulle eg gjere reint i kyllingkassen, og såg at ein kylling hadde hakka seg litt ut, men mora ville ikkje ha egget då eg la det under ho, seier Anette.

– Då måtte eg rett og slett ta det inn i BH-en då, seier ho.

Måtte hjelpe

Med sola steikande ute håpa Anette at kroppsvarmen hennar skulle gjere underverk. og det er ikkje utan grunn at Anette bydde på seg sjølv.

– Hønemora ville ikkje ha egget som hadde byrja å klekke, og eg vil så gjerne at det skal gå bra med dei som fell utanfor. Det vart viktig for meg å få dette til, seier Anette.

På kvelden prøvde Anette å forsiktig pirke av litt av skalet for at kyllingen skulle få meir surstoff.

– Så tok eg ein skikkeleg varm dusj slik at egget fekk masse varme og damp i kassen på badet om natta. Eg stod opp tidleg på morgonen i dag, og sprang for å sjekke med kyllingen, seier Anette.

– I dag tok eg egget tilbake i BH-en, seier ho.

For kyllingane er eg veldig hønemor, for dei kjem mot meg, og stryk seg mot meg. Det er tydeleg at dei vil vere med meg.

Anette Lian Aspås

Fekk til slutt av skalet

Annonse

Fordi kyllingen hadde halde på i 17 timar med klekking, spurte Anette om kva ho skulle gjere på den lukka Facebook-gruppa "Høner i hagen".

Anette får heilt forsiktig vekk litt og litt av skalet. Foto: Privat
Anette får heilt forsiktig vekk litt og litt av skalet. Foto: Privat

– I dette tilfellet såg eg hinna hadde byrja å tørke, og då ville den ha sett seg fast, og det ville eg ikkje sitte og sjå på, seier Anette.

Anette Lian Aspås hjelpte til slutt kyllingen med alt eggeskalet. Foto: Privat
Anette Lian Aspås hjelpte til slutt kyllingen med alt eggeskalet. Foto: Privat

– Eg fekk av skalet, og passa på å ikkje ta nokon blodårer på hinna for at kyllingen skulle blø i hel. Eg fukta heile tida hinna så den ikkje skulle sette seg fast.

Saka held fram under videoen.

Det gjekk bra til slutt.

Anette Lian Aspås putta kyllingen attende i BH-en då den var komen ut av egget. Foto: Privat
Anette Lian Aspås putta kyllingen attende i BH-en då den var komen ut av egget. Foto: Privat

– No ligg den oppå meg. Den har ikkje fått namn for den er så ny, seier Anette.

Kyllingen attende i BH-en. Foto: Privat
Kyllingen attende i BH-en. Foto: Privat

– Har du blitt hønemor no?

– Eg har kalla meg hønemor dei to siste døgna, og har sagt ungane må byrje å kalle meg det også. For kyllingane er eg veldig hønemor, for dei kjem mot meg, og stryk seg mot meg. Det er tydeleg at dei vil vere med meg, seier Anette.

Saka held fram under videoen.

At hønene kan bli kosete har ho trua på.

– Når eg ser korleis kylling nummer ein har oppført seg, så er eg bestemt på at desse to skal få bli på Julsete for alltid. Eg trur dei blir veldig hyggelege høner, seier den lukkelege hønemora og legg til:

– Høner er undervurderte dyr, dei kosar og snakkar, og dei er forskjellige alle saman.

Dotter til Anette, Mie, passar også på Lille Kylling. Foto: Privat
Dotter til Anette, Mie, passar også på Lille Kylling. Foto: Privat

LES OGSÅ:

Neste artikkel

13.200 kalkuner avlivet etter funn av salmonella