Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tidlegare høgsterettsdommar om pelsdyrforslag: – Bryt menneskerettane

Framlegget til regjeringa om pelsdyrkompensasjon bryt menneskerettane og eigedomsvernet, ifølgje tidlegare høgsterettsdommar, som seier regjeringa ikkje har anna val enn å snu.

Menneskerettar: Forslaget til regjeringa bryt med grunnleggande menneskerettar og eigedomsvernet, ifølgje tidlegare høgsterettsdommar Karl Arne Utgård. Foto: Morten Brakestad / Stortinget og Bjarne Bekkeheien Aase

Regjeringas framlegg til kompensasjonsordning for forbodet mot pelsdyrhald er i strid med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) og truleg også Grunnlova. Det seier tidlegare høgsterettsdommar Karl Arne Utgård til Nationen.

Utgård, som pensjonerte seg ved årsskiftet etter 19 år som høgsterettsdommar, går dermed langt i retning av å torpedere kompensasjonsordninga som regjeringa har hatt ute på høyring. Utgård har òg i mange år vore styreleiar for Domstolsadministrasjonen, han har vore advokat hjå Regjeringsadvokaten og han er i dag gjesteforskar ved NMBU.

– Eg meiner heilt klart at forslaget frå regjeringa er i strid med eigedomsvernet i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), som er gjort til norsk lov. Det blir lagt opp til at to bønder som har elles like bygningar kan få heilt forskjellig erstatning. Det er heilt uhaldbart og det bryt med prinsippet om at inngrep ikkje må skje vilkårleg, seier Utgård til Nationen.

«Det blir lagt opp til at to bønder som har elles like bygningar kan få heilt forskjellig erstatning. Det er heilt uhaldbart»

Karl Arne Utgård, tidlegare høgsterettsdommar

– Vilkårlege utslag

Utgård trekker fram fleire forhold ved kompensasjonsordninga som han meiner bryt med menneskerettane og norsk lov. Ei av hovudinnvendingane er at ordninga baserer seg på kompensasjon basert på såkalla «bokført verdi», som kan variere kraftig mellom bønder og dermed ifølgje Utgård er vilkårleg.

– Ein kan sjå føre seg to bønder med like bygningar og eigedommar. Den eine bonden kjøpte garden for 30 millionar kroner i 2016. Han får erstatning basert på bokført verdi på 30 millionar kroner. Han andre har ein like verdifull gard, men han har hatt høge inntekter, tatt avskrivingar, vedlikehalde og fornya i mange år. Hans bokførte verdiar er berre på 3 millionar kroner og han får berre 3 millionar i erstatning. Den situasjonen er uhaldbar, seier Utgård.

Utgård skriv i ei vurdering av kompensasjonsordninga at pelsdyrbønder som har drive lønsamt i mange år, har hatt maksimale avskrivingar og ført mange tiltak som direkte utgift - dei vil ha låg bokført verdi på anlegget. Det sjølv med svært moderne og godt vedlikehalde anlegg.

«Tenker vi oss at den same pelsdyrhaldaren har hatt svak lønsemd, er det gjerne låge avskrivingar og også liten bruk av direkte utgiftsføring. Sjølv om anlegget då kan vere nedslite, er bokført verdi høg», skriv Utgård.

Følgjene av måten regjeringa har utforma kompensasjonsordninga kan dermed ifølgje Utgård vere at bønder med god inntening og god drift i mange år får liten erstatning og at bønder med langvarig svak lønsemd vil få langt høgare erstatning.

Utgård viser òg til at bokført verdi kan variere etter om pelsdyrgarden er overdratt i familien før eller etter reglane blei endra i 2014, eller om garden er kjøpt av utanforståande til marknadspris.

– Utgangspunktet er at gardar som har same verdi ikkje kan få heilt forskjellig erstatning, seier Utgård, som meiner det er nettopp det forslaget til regjeringa legg opnar for.

Forskjellsbehandling: Ei av hovudinnvendingane er at ordninga baserer seg på kompensasjon basert på såkalla «bokført verdi», som kan variere kraftig og vilkårleg mellom bønder. Per Arild Vådeland (63) frå Klepp kan tape 28 millionar kroner målt mot takstverdien. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

– For dårleg handverk

Utgård seier det er opning i menneskerettskonvensjonen for å avgjere at ei næring må leggjast ned, men at menneskerettane set grenser for korleis det skal gjerast. Utgård skriv at «som kompensasjonsgrunnlag gir bokført verdi eit vilkårleg resultat» og vidare at «på andre punkt er reglane i utkastet verken presise og eller føreseielege», noko det ifølgje Utgård er krav til sett opp mot protokoll 1 artikkel 1 (P1-1) i Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

– Det må vere intern rettferd blant dei som blir utsett for ei avvikling, seier Utgård.

Annonse

Han trekker òg fram at det blir lagt opp til at Fylkesmannen heilt fritt skal kunne bruke skjønn i vurderinga, noko han seier ikkje går an. Samla er dommen over framlegget til regjeringa hard.

– Regjeringa har ikkje gjort handverket. Prosessen er politisk overstyrt så sterkt at dei ikkje har sett at det er problem med grunnleggande forskjellsbehandling og manglar på regelstyring. Det er rett og slett for dårleg handverk, seier Utgård.

«Prosessen er politisk overstyrt så sterkt at dei ikkje har sett at det er problem med grunnleggande forskjellsbehandling og manglar på regelstyring. Det er rett og slett for dårleg handverk»

Karl Arne Utgård, tidlegare høgsterettsdommar
Dårleg handverk: Karl Arne Utgård, tidlegare høgsterettsdommar, seier kompensasjonsordninga ber preg av dårleg handverk, grunnleggande forskjellsbehandling og manglar på regelstyring. Foto: Privat

Utgård seier seg rimeleg sikker på at kompensasjonsordninga til regjeringa bryt med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK). Han seier det òg er truleg at den kan bryte med Grunnlova. Følgjene av det er ifølgje Utgård at ei slik kompensasjonsordning vil bli underkjent. Han meiner regjeringa dermed eigentleg ikkje har andre val enn å snu.

– Ein bonde kan gå til søksmål og så kan heile kompensasjonsordninga bli kjent ugyldig av norske domstolar. Det vil føre til at regjeringa må lage ei ny forskrift. Det kan bli ein langvarig rettsstrid. Eg kan vanskeleg sjå at regjeringa har sett følgjene av dette, seier Utgård til Nationen.

Får kritikk: Kompensasjonsordninga som landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) har lagt fram får flengande kritikk av tidlegare høgsterettsdommar. Her er Bollestad saman med Lars Petter Bartnes (t.h.), leiar i Norges Bondelag, før framlegginga av jordbruksavtalen. Bak frå venstre: talsperson for KrF, Steinar Reiten, statssekretær Widar Skogan (KrF) og kommunikasjonssjef Ottar Løvik. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Nationen har bede landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) kommentere utsegnene til Utgård, blant anna at forslaget bryt med menneskerettane og eigedomsvernet.

Landbruks- og matdepartementet svarar at statsråden er opptatt til utpå kvelden i dag og at dei må kome tilbake til det i morgon.

Fakta

Forbod mot pelsdyrhald

Etter ein politisk hestehandel mellom regjeringspartia blei det fleirtal for å forby hald av pelsdyr. Under avstemminga i Stortinget stemte berre Sp og Ap imot. Avviklingsperioden er fram til februar 2025.

Bøndene som driv med pelsdyr skal få ein kompensasjon, i hovudsak basert på bokførte verdiar i pelsdyrdrifta, og støtte til omstilling og opprydding. Det skal òg vere opning for individuell vurdering og kompensasjon for bønder som må ta ut alderspensjon før 67 år.

Samla beløp er høgst uvisst, men nokre anslag har antyda vel ein halv milliard kroner. Beløpet blir mindre dess fleire som ventar med å avvikle.

Det blir ikkje lagt opp til å dekke tapt inntekt eller reelt verditap på pelsdyrbruka. Fôrindustrien eller anna næringsliv knytt opp mot pelsdyrnæringa får ikkje dekt tapa.

I statsbudsjettet set regjeringa av 160 mill. kr til kompensasjon for avvikling og 20 mill. kr i tilskot til omstilling som ei overslagsløyving for år 2020. Ein mindre del kan bli brukt til administrative kostnader, heiter det.

Høyringsfristen for forslaget frå regjeringa gjekk ut 1. oktober og det er venta ei avgjerd om den endelege ordninga innan kort tid.

Neste artikkel

Nå er det trendy å tape penger på landbruk