Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Testing av eksotiske grønsaker i norske åkrar

Om få år er det truleg norskdyrka søtpoteter, perilla og pac choi i fleire butikkhyller her i landet.

Søtpotet er ei av grønsakene med norsk dyrkingspotensial, spesielt i dei områda der ein har hatt tradisjon for dyrking av tidlegpoteter. Foto: Colourbox

Ved Norsk institutt for bioøkonom i (Nibio) er det fleire forskingsprosjekt i gang der ein testar ut dyrking av nye grønsakartar – både under ulike klimaforhold og i veksthus. Forskarane håpar å finne optimale sortar og dyrkingsmetodar for ulike område i landet, og at det vil få fleire til å utnytte ubrukte ressursar som tomme veksthus.

Innanfor segmentet «eksotiske grønsaker», det vil seie grønsaker som ikkje er så vanleg å dyrke i Noreg enno, er det mykje å velje i av ulike sortar. Eit utval av slike grønsaker er vurdert i forhold til å kunne utvide frilandsproduksjon av grønsaker over heile Noreg.

Annonse

Søtpotet er ei av grønsakene med potensial, spesielt i dei områda der ein har hatt tradisjon for dyrking av tidlegpoteter.

Nibio Landvik ved Grimstad har i to år samarbeidd med ei verksemd på Nøtterøy om eit forskingsprosjekt på søtpotet. Allereie i fjor var dei første norske søtpotetene frå dei å finne i butikkhyllene. Det har også vore interesse for prøvedyrking frå andre produsentar i Grimstadområdet.

Ein annan potensiell nykomar er edamamebønner (soya). Nibio har testa ut produksjon av slik soya over fleire år på Landvik, og etter kvart også på Ås, med stor suksess. Ein treng derimot meir kunnskap, mellom anna om haustetidspunkt.

Eit anna prosjekt ved Nibio har tatt for seg moglegheitene for å dyrke nye kuldetoleranse grønsaker – som mellom anna pac choi, perilla (japansk shizo), mangold og ulike typar mizuna (sennepsaktig salat). Dette er vekstar som er mykje brukt i asiatiske land. Bakgrunnen er at ein ønskjer å sjå på potensial for å utvide grønsaksesongen med ein «skuldersesong» frå seinsommar til tidleg vinter – spesielt i Sør-Noreg der ein har eit godt klima, fortel Nibio på nettsidene sine.

Neste artikkel

Gratis selvplukk av kålrot i Stavanger