Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Sylvi Listhaug er framleis den reelle landbruksministeren

Aps landbrukspolitiske talsperson Nils Kristen Sandtrøen seier at KrF må sette handling bak vedtaka sine om landbrukspolitikken.

Nils Kristen Sandtrøen (Ap) og landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad (KrF). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Nils Kristen Sandtrøen (Ap) og landbruks- og matminister Olaug V. Bollestad (KrF). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

– Norsk landbruk er på kanten. No er det vere eller ikkje vere for matproduksjon i distrikta, seier Sandtrøen.

Han meiner at dersom distriktslandbruket skal bergast, må det til ny kurs — straks.

– Til no er det Sylvi Listhaug (Frp og landbruksminister 2013 – 2015, red.anm.) som i røynda har styrt landbrukspolitikken som har blitt ført.

Men Sandtrøen har merka seg vedtaket frå KrFs landsmøte i helga, om at Noreg skal vere 50 prosent sjølvforsynt med landbruksvarer, 50 prosent, korrigert for fôrimport.

Annonse

– Det er interessant. Det er same målet som vi på raudgrøn side har kjempa for i heile stortingsperioden, seier Sandtrøen.

Han legg til at dersom partiet meiner noko med vedtaket, må det straks stakast ut ein ny kurs i landbrukspolitikken.

– No har landbruksminister Olaug Bollestad (KrF) ei gyllen sjanse til umiddelbart å sette handling til orda. Skjer det ikkje, så er det framleis Listhaugs politikk som gjeld i landbrukspolitikken.

– Og skal vi nå målet om 50 prosents sjølvforsyningsgrad, må vi ha med dei små og mellomstore bruka over heile landet.

Sandtrøen seier at for å få det til, må det til ordningar som gjer det mogleg å drive mjølkebruk med under 30 kyr, og dei må også kunne investere i nye fjøs til overgange til lausdriftsfjøs.

Også kornprodusentane treng betre investeringsordningar.

– Og ikkje minst, det vedtaket som KrF har gjort, forpliktar dei over tid. Og Bollestad bør ta på alvor at det no er fleirtal i Stortinget på å forplikte seg til 50 prosents sjølvforsyningsgrad på landbruksprodukt, korrigert for fôrimport.

Neste artikkel

Reagerer på at Ap stemte for jordbruksoppgjøret: – De gjør det omvendte