Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svinenæringa har hatt nytt møte med landbruksministeren

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad har i eit nytt møte med svinenæringa fått ein oppdatert status på arbeidet som vert gjort for å betre dyrevelferda for svin.

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) er impornert over svinenæringa. (Bilete er ikkje tatt i samband med møtet.) Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix
Landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) er impornert over svinenæringa. (Bilete er ikkje tatt i samband med møtet.) Foto: Carina Johansen / NTB Scanpix

– Eg er imponert over innsatsen frå næringa. Oppslutninga om dyrevelferdsprogrammet er svært god og aktiviteten i næringa er framleis høg. Det er positivt at både bønder, røktarar, transportørar og slakteritilsette gjennomfører kurs i dyrevelferd. Det viktig at alle i verdikjeda som har med dyr å gjere, veit kva god dyrevelferd er, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) i ei pressemelding.

Statsråden er opptatt av at næringa og styresmaktene arbeider saman for å løyse utfordringane.

Annonse

– Sjølv om det er gjort mykje godt arbeid, vil vi framleis ha stor merksemd på det forbetringsarbeidet som går føre seg. Vi har god erfaring frå dette arbeidet og dialogen vi har hatt mellom styresmakter og næringa på dyrevelferd for gris, seier ho.

Næringa på si side framheva også betydninga av møta med statsråden for å betre oppslutninga ute, og at dei gjerne ville inviterast til framleis tett dialog om dyrevelferd.

©NPK

Neste artikkel

Slakter Jens Eide styrker samarbeidet med muslimer etter halal-feil