Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Svenskane manglar gås til å feire Mortensgås

Mange svenskar markerer Mortensmesse 11. november med å ete gås til middag. Talet på gåsebønder har derimot gått drastisk ned i Sverige, og den varme sommaren i år har gjort at det er lite gås å få tak i til tradisjonsmiddagen.

I tidlegare tider var Mortensmesse, også kalla Mortensgås, byrjinga på ein 40 dagar lang faste fram til jul. I dag er det ikkje så mange som fastar, men tradisjonen med ein gåsemiddag i november held seg fleire stader i Sverige.

Svensk produksjonsnedgang

Det finst derimot berre eit fåtal bønder i Sverige i dag som alar opp gjæser. i fjor vart det slakta 15.312 gjæser i Sverige. Ti år tidlegare var talet 19.865.

– For 30 år sidan fanst det fleire hundre oppalarar. Går vi 15 år tilbake i tid hadde vi 30.000 gjæser i Sverige og no er det 15.000-16.000. Det er blitt halvert, fortel gåsebonde Björn Olsson til Lantlandbruk.se.

Mykje av nedgangen trur han kjem av innvikla regelverk for småbønder samstundes om konkurransen frå utlandet er stor.

Ekstremvarmen i sommar gjorde også til at gjæsene trudde det var sommar allereie i mai månad og slutta å verpe. Bøndene har derfor fleire tusen færre gjæser enn vanleg i år.

Annonse

– Det er mangel på gås i år. Både produksjonen og etterspurnaden har gått ned, men etterspurnaden er større enn tilgangen no, seier han til nettstaden.

Haustfest frå mellomalderen

Mortensmesse den 11. november har vore feira til minne om den heilage Martin av Tours (cirka 315–397 e.Kr.). Ei gammal legende frå Bretagne i Frankrike knyter han til gåsemåltidet. Han gøymde seg blant gjæser for å unngå å bli biskop, men fuglande byrja å kakle og røpa han. Som straff skulle fuglane slaktast kvart år på Martins dødsdag og etast til middag.

Helga rundt 11. november – på folkemunne Mortensgås – vart ein viktig haustfest i mellomalderen. I mange land, som i Sverige, Danmark og Tyskland, har det vært tradisjon å ete gåsemiddag på denne dagen. I Noreg har det berre blant borgerskapet vore enkelte som har ete gås, og som oftest på restaurant. Elles har denne tradisjonen aldri fått skikkeleg fotfeste her i landet. (Kjelde: Wikipedia)

©NPK

Neste artikkel

KrF sliter med å stille lister på Østlandet