Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stor påmelding til Øko2020

Over 375 har meldt seg på til den første økologiske kongressen i landet, Øko2020. Både jord, bonden, forbrukaren og grossistane står på agendaen.

Over 375 har meldt seg på til den første økologiske kongressen i landet, Øko2020. Arkivfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK
Over 375 har meldt seg på til den første økologiske kongressen i landet, Øko2020. Arkivfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

– Vi merkar at stadig fleire, spesielt unge, er opptatt av kortreist mat og økologisk landbruk, og av korleis maten blir produsert, seier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag til bondelaget.no.

Han skal opne kongressen 21. januar på Hellerudsletta i Lillestrøm kommune saman med statssekretær Widar Skogan (KrF) i Landbruks- og matdepartementet.

Annonse

Han seier at bøndene i Noreg har mål om å produsere god og trygg mat som blir etterspurt av forbrukaren, og at økologisk mat er ein naturleg del av mangfaldet i landbruket.

På programmet skal det vere fokus både på økologisk produksjon og innsatsen til bonden. Det blir halde både føredrag og paneldiskusjonar om jord. Annechen Bahr Bugge, forskar ved forbruksforskingsinstituttet Sifo held føredraget «Dagens og morgendagens matforbruker – hva, hvorfor og hvordan?», og det blir paneldialog med representantar frå dei tre daglegvarekjedene om marknad og grossistledd, utfordringar og moglegheiter.

Neste artikkel

Kommunens utleie av matjord – skal alt være økologisk dyrket?