Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Spanske forskarar har utvikla vaksine mot afrikansk svinepest

Om få år kan ein vaksine til villsvin mot den frykta afrikanske svinepesten, vere på marknaden.

Illustrasjon: Villsvin i Sverige. Foto: Åke Lundin / Mostphotos
Illustrasjon: Villsvin i Sverige. Foto: Åke Lundin / Mostphotos

Nyheita om vaksinen blei presentert tidlegare i november, under den internasjonale svinekonferansen Sepor i byen Lorca søraust i Spania. Ei rekkje spanske medium har omtalt saka.

Ifølgje forskar José Manuel Sànchez Vizcaíno, som presenterte funna, er vaksinen eit resultat av mange års forsking. Sànchez Vizcaíno, som er professor i dyrehelse ved Complutense-universitet i Madrid, er éin av dei leiande ekspertane på afrikansk svinepest, ifølgje Verdas dyrehelseorganisasjon (OIE).

Til publikum og journalistar under Sepor-konferansen fortalde forskaren at dei hadde gjort mange feil undervegs, men at dei i fjor endeleg fann det dei hadde leita etter.

– Vi fann eit virus som hadde dei mutasjonane som vi hadde ønskt å gjenskape, men som vi ikkje fekk til å gjenskape kvar gong vi prøvde. Naturen har skapt dei og vi har vore heldige nok til å finne dei etter å ha sett på mange virus gjennom mange år, fortalde Sànchez Vizcaíno, ifølgje mellom andre Agronews.

Gode foreløpige resultat

Ifølgje det spanske nyheitsbyrået EFE, som òg skriv om saka, starta forskarane straks testing på både tamme og ville dyr, etter funna. I første omgang testar dei berre på villsvin.

– For det er dei som er årsaka til dei fleste problema i EU. Vi ser ein svært høg beskyttelsesgrad og vi er veldig fornøgde med dei foreløpige resultata, seier Sànchez Vizcaíno,

Utviklinga av vaksinen er eit samarbeid mellom Complutense-universitet og CISA-INIA-senteret, begge i Madrid. CISA-INIA er den spanske utgåva av Veterinærinstituttet i Noreg. Etter ein lengre testfase står det no igjen nokre få delar.

Annonse

Dei spanske forskarane ser no på kva som skjer dersom villsvin tek fleire dosar av vaksinen mot afrikansk svinepest, før dei vil teste stabiliteten til vaksinen i månadene som kjem.

Farleg sjukdom

Virussjukdomen afrikansk svinepest er ein sjukdom som spreier seg blant villsvin i Europa. Villsvin, som er relativt motstandsdyktige, kan smitte tamgris, som er mindre motstandsdyktige.

Den norske veterinærforeininga har tidlegare uttalt til Nationen at ein i område med villsvin, ikkje kan ha uteproduksjon med svin.

– På både kort og lang sikt trugar det dyrevelferd hos svin, sa Torill Moseng, president i Veterinærforeininga.

I ei lang rekkje saker har Nationen omtalt problema med afrikansk svinepest. Mattilsynet ser svært alvorleg på smitterisikoen som villsvin representerer og seier dei er i tett dialog med Miljødirektoratet om villsvin-situasjonen i Noreg.

I Sverige, Danmark og ei rekkje andre europeiske land er situasjonen med villsvin meir prekær, og både gjerde og strenge smittetiltak er sett i verk.

Fakta

Villsvin

Villsvin er klassifisert som ein framand art i Noreg, ifølgje lista til Artsdatabanken frå 2018.

Villsvinet (sus scrofa på latin) er naturleg svært utbreidd i Eurasia, frå Atlanterhavet til Stillehavet. Arkeologiske funn viser at villsvin fanst i Noreg fram til cirka år 1000.

I dag finn ein truleg reproduksjon i Halden og Aremark kommune, med spreidde observasjonar i Østfold, Akershus og sørlege Hedmark.

Potensielt kan villsvin truleg etablere seg på Austlandet, langs kysten på Sørlandet og Vestlandet, og til og med i Trøndelag.

Konklusjonen til Artsdatabanken i 2018:

«Villsvin (Sus scrofa) ble vurdert i 2012 til "svært høy risiko", mens vi denne gang vurderer arten til "høy risiko" (HI), med tendens til en kategori høyere "svært høy risiko". Vi har samme høye score (4) i denne vurderingen som i 2012 når det gjelder invasjonspotensial. Villsvinet har også flere negative effekter gjennom påvirkning på stedegne arter, sjeldne naturtyper og vektor for overføring av parasitter og patogener til stedegne arter.»

Kjelde: Artsdatabanken.

Neste artikkel

SV truer med mistillit mot Høie i luftambulansesaken