Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Solør-bonde fekk anke avvist av lagmannsretten

Solør-bonden tapte mot Mattilsynet i retten, anka, og kravde dei måtte vente med avliving av storfebesetninga hans til rettskraftig dom låg til grunn. Anken er no avvist av både tingretten og lagmannsretten.

Illustrasjonsfoto: Svein Egil Hatlevik
Illustrasjonsfoto: Svein Egil Hatlevik

Storfebesetninga til bonden skal avlivast grunna to vedtak, skriv Landbruk 24, som først omtalte saka. Det første går på brot på dyrevelferdslovgivinga og det andre på matlovens regelverk om sporing av dyr.

Det var etter tilsyn i desember 2018 at Mattilsynet reagerte. Tilsynsmyndigheita har trekt fram både lite hygieniske forhold på garden, i tillegg til dårleg orden på merking og medisinbruk. Dødelegheita var også langt utover det som er vanleg.

På tilsyn fann dei 327 dyr, medan det var registrert 471 dyr i Husdyrregisteret. Av dei 327 dyrene var det berre 105 som hadde øyremerker.

Tapte i retten

Då pålegga som bonden fekk ikkje blei fulgt opp, fatta Mattilsynet vedtak om at bonden måtte avvikle storfehaldet etter fleire brot på dyrevelferdslova, i mars i år. Bonden klaga, og i april stadfesta Mattilsynet sitt hovudkontor avviklingsvedtaket.

Bonden tok så saka til tingretten og i juni møttes partane i retten.

Retten meinte at det ser ut til å vera gjennomgåande at bonden har utfordringar med å sjølv sjå og følgje opp individ som har behov for særleg tilsyn og stell, og at manglande merking av dei 350 dyra gjer oversikt vanskeleg.

Bonden tapte i tingretten.

Annonse

Henta dyra

Mattilsynet sitt hovudkontor fatta i juni 2019 eit ytterlegare vedtak om å avlive og destruere alle storfe i besetningen, utan at det vart gitt erstatning for dette. Grunnen til dette var at ingen av dyra er sporbare på individnivå.

I juli vart hundre oksar henta på garden for å avlivast og destruerast.

Bonden anka saka vidare til lagmannsretten, men fekk ikkje medhald.

I kjenninga frå Eidsivating lagmannsrett heiter det:

«Lagmannsretten slutter seg til tingrettens vurderinger. Det er etter dette ikke holdepunkter for at vedtaket er truffet på feil faktisk grunnlag, og det kan ikke anses sannsynliggjort at vedtaket skal kjennes ugyldig på dette grunnlaget.»

Anken vart forkasta, bonden må dekke sakskostnader på 11.600 kroner for staten ved Landbruks- og matdepartementet.

Neste artikkel

Høyre advarer mot forsvarskutt fra opposisjonen