Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Olaug Bollestad utnemnd til ny landbruks- og matminister

Statsminister Erna Solberg presenterte tysdag den nye fleirtalsregjeringa. Olaug Bollestad (KrF) tek over som landbruks- og matminister etter Bård Hoksrud (Frp).

Statsminister Erna Solberg presenterte si utvida regjering etter ekstraordinært statsråd på Slottet tysdag. Foto: Siri Juell Rasmussen
Statsminister Erna Solberg presenterte si utvida regjering etter ekstraordinært statsråd på Slottet tysdag. Foto: Siri Juell Rasmussen

Tysdag presenterte Erna Solberg den nye fleirtalsregjeringa med Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti.

KrF får tre statsråder. Ein av dei er Olaug Bollestad, som tek over som landbruks- og matminister etter Bård Hoksrud (Frp).

Annonse

Bollestad har på førehand fått god mottaking frå landbruket, som kalla utnemninga av Bollestad som ny landbruksminister som både «spanade», «bekvemt» og eit «solid val».

Bollestad har tidlegare fortalt om tette band til landbruket i oppveksten og at ho er oppvaksen med gardsarbeid.

– Både mor og far vaks opp på gard og vi var der heile vegen, sa ho då ho i eit intervju med Nationen fortalde om oppveksten.

Neste artikkel

Nye kartløsninger skaper entusiasme: – Utrolig spennende