Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sofie og Sofie fann tonen i sommar

Ein liten sommarturist vann hjartet både til småkalvane og vertsfolket på garden ho ferierte. Kjekkast var det at yndlingskalven vart kalla opp etter ho.

Sofie Richter gir mjølk til kalven, som vart oppkalla etter den vesle feriebudeia. Foto: Privat

Budeia Sofie og kalven Sofie vart radarpar i fjøset på Gaustad i Eide kommune i Møre og Romsdal i sommar.

På garden er det teke imot turistar i 30 år, men nokre av årets gjestar har sett ekstra spor etter seg. Då famililen Richter frå Barleben i Tyskland kom til ferieopphald, spurte dei turistvert Oluf Magne Gautad om dottera Sofie (9) kunne få sjå på fjøsstellet.

Og det kunne ho sjølvsagt.

Tre økter i fjøset

Kolbjørn Gustad er far til turistverten og kallar seg dreng på garden. Han fortel at det ikkje er uvanleg at unge gjestar ber om å få vere med i fjøset, men det blir i regelen med det eine besøket.

Sofie viste seg å vere eit unntak. Etter at ho hadde fått gje minstkalven mjølk frå flaske første dagen, stilte ho i fjøset tidleg neste morgon for ei ny arbeidsøkt. Slik gjekk feriedagane, med tre turar i fjøset kvar dag, til fast klokkeslett, for å gje kalven mjølk.

Annonse

Gustad fortel at den vesle budeia på eiga hand fann ut at ho måtte få kalven til å sleppe smokken litt, for at det skulle kome inn luft.

Då kalven skulle få namn, fekk han namn etter den vesle budeia. Dermed var det to som heitte Sofie.

Sofie Richter frå Tyskland plukka markblomster til kalvane før ho reiste heim frå gardsferie i Noreg. Foto: Privat

Gaustad fortel at budeia raskt oppfatta at fjøsstell var meir enn å gje mjølk til kalvane, og kasta seg med i arbeidet med å koste fôrbrett, skrape gjødselrister og strø båsane med sagflis.

– Og syntes ho det var strødd for lite sagflis i båsane, ordna ho opp og dryssa på litt ekstra - utan å spørre.

Blir mjølkeku

Siste kvelden før ho skulle reise plukka budeia markblomster for å pynte til småkalvane, og før ho reiste heim fekk ho med seg diplom som høver seg for ei budeie i særklasse.

Heldigvis for bonden er kalven Sofie av svært glad avstemning, og eit opplagt emne for å bli sett på til mjølkeku. Viss ikkje hadde dei nok blitt kravd svar og forklaringar når budeia kjem attende ved eit seinare høve.

Neste artikkel

Erna får æren for besøksrekord for Preikestolen