Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skorge: – Omlegginga av lammetilskotet var ikkje eit forhandlingstema

Bondelaget forsvarar omlegginga av lammetilskotet. Ifølgje generalsekretær Per Skorge var det under forhandlingane aldri aktuelt å gå tilbake på det omstridde tiltaket.

Overgangsordning: Generalsekretær Per Skorge i Bondelaget meiner fordelane med omlegginga av lammetilskotet overgår ulempene. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Fredag vart Norges Bondelag og staten einige om ein jordbruksavtale. Ramma på 400 millionar kroner skal gi 13.000 kroner i inntektsvekst per årsverk, ein auke på 3,75 prosent.

Stoppa ikkje tilskotsomlegging

Eit av tiltaka som har skapt sterk strid internt i jordbruket i sluttspurten på jordbruksforhandlingane er omlegginga av kvalitetstilskotet for lam. For å få gjennomslag for å framskyve utbetalinga blei det både i tilbodet og kravet til årets jordbruksoppgjer tatt til orde for å utbetale halv tilskotssats for lamma som blir slakta i 2015 og 2016.

Det har skapt sterke reaksjonar blant sauebønder der kritikarar har hevda at bondetoppane lurer seg sjølv.

I jordbruksavtalen blir omlegginga gjennomført som planlagt, stadfestar generalsekretær Per Skorge i Norges Bondelag.

– Var ikkje forhandlingstema

Skorge seier det under forhandlingane aldri var aktuelt å stoppe omlegginga.

– Det var aldri eit tema i forhandlingane, seier han til nationen.no.

Han stadfestar derimot at det har vore sterke reaksjonar.

– Mange har reagert. Vi vedgår at prosessen har vore for dårleg og at det ikkje har blitt informert godt nok rundt omlegginga, seier Skorge.

Annonse

– Sauebøndene reagerer på at tilskota per lam blir halvert i to år?

– Utbetalinga av tilskot over statsbudsjettet per år blir ikkje endra. Dei som har stabil produksjon får heller ingen endringar i den årlege utbetalinga. Det er når ein sluttar at det vil oppstå eit tap, seier Skorge.

– Vil ikkje alle dagens sauebønder tape eitt års tilskot?

– Vi har ambisjonar om å auka produksjonen av lam. I den samanheng så er plussane med omlegginga større enn minusane, seier Skorge.

– Alle sauebønder sluttar eller gir frå seg garden ein gong. Blir det ikkje då eit tap?

– Jau, men ved generasjonsskifta så blir det eit forhold mellom den som gir frå seg garden og den som tek over, seier Skorge.

Neste artikkel

Lundteigen rasar mot bondetap: - Lurer folk