Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skal fastsetje odelstakst på gard tvangsseld for 12 millionar

I april i fjor vart ein Hedmarks-bonde dømt for bedrageri mot Gartnerhallen, og garden hans seld på tvangssal. No vil faren hans ta garden attende på odel.

På garden i Åsnes i Hedmark der det skal setjast odelstakst, har potetproduksjon. Foto: Lars Johan Wiker

Førstkommande veke skal saka opp i Sør-Østerdal tingrett. Odelstaksten på garden er eit av spørsmåla som skal opp, skriv avisa Glåmdalen.

Det er den 87 år gamle faren til bonden som er dømt for bedrageri som vil ta garden attende på odel.

Gardbrukaren er dømt til fem år og ti månader i fengsel, og skal betale Gartnerhallen 49 millionar kroner i erstatning. I kjølvatnet av bedragerisaka vart bonden erklært konkurs.

Rett etter fengslinga vart garden driven av Gartnerhallen i samarbeid med ein lokal entreprenør, så vart den seld.

Annonse

Mannen som kjøpte garden i fjor betalte konkursbuet 12 millionar for den.

Advokaten til mannen, Helge Hartz, seier til Glåmdalen at det er gjort ei ny verdivurdering av garden med jord, skog og hus, og at verdien er sett til 20 millionar kroner.

Det er ikkje strid om 87-åringen har odel på garden.

Ifølge advokaten har 87-åringen av den nye eigaren fått tilbod om å bu på garden så lenge han lever, viss han seier frå seg odelsretten. Det har han ikkje vore villig til å gjere.

Neste artikkel

Til odel og eige