Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sauehovudstaden Stavanger

Stavanger kan etter kommunesamanslåinga ved nyttår skryte av å vere den kommunen i landet som er størst på sau. Bjerkreim og Oppdal har lenge konkurrert om tittelen

Kvar femte sau i Noreg er rogalending. Mange av dei vil frå nyttår bu i nye Stavanger kommune. Arkivfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK
Kvar femte sau i Noreg er rogalending. Mange av dei vil frå nyttår bu i nye Stavanger kommune. Arkivfoto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

20.383 er talet som gjer Nye Stavanger til den største sauekommunen i landet frå 2020, fortel Stavanger Aftenblad. Rogaland er også det fylket med flest sauer. Kvar femte sau i Noreg er faktisk rogalending, og av desse vil ein av ti bu i nye Stavanger.

Annonse

Sjølv om kommunenamnet blir Stavanger, er det bøndene på Rennesøy og Finnøy som skal ha æra for at den nye kommunen får flest sauer i landet. Bidraget frå bønder i Stavanger er på relativt beskjedne 1.011 vinterfôra sauer, medan Finnøy og Rennesøy kan skilte med ni og ti gonger så mange. Det vil seie 10.331 og 9.041.

Tala er førebelse, og dei endelege tala for 2019 kjem i mars neste år, men nye Stavanger ville også vore størst på sau om ein legg tala frå 2017 eller 2018 til grunn.

Oppdal har for tida 18.582 sauer, medan Bjerkreim har 17.423 vinterfôra sauer.

Neste artikkel

Går mot det største lageret av lam og sau på nærmere 15 år