Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sauebonde Hanne Næss avliva 16 sauer etter angrep frå hund

Sauebonde Hanne Næss i Gausdal blei møtt av eit grotesk syn i fjøset sitt laurdag morgon.

I alt seksten sauer måtte avlivast etter at ein hund hadde kome seg inn i fjøset til Hanne Næss natt til laurdag. Foto: Privat
I alt seksten sauer måtte avlivast etter at ein hund hadde kome seg inn i fjøset til Hanne Næss natt til laurdag. Foto: Privat

– Det er ikkje slikt ein ventar å sjå i fjøset sitt, seier Næss til Nationen onsdag føremiddag.

Då ho skulle ta morgonstellet i fjøset laurdag morgon blei ho møtt av ein ukjend hund. Den hadde kome seg inn gjennom ein opning på om lag 11 centimeter i løpet av natta, skriv NRK.

– Det var ikkje noko triveleg. Inne i fjøset såg eg masse blod og sauer klemt opp i eit hjørne. Éin var alt død, seier Næss.

Sauene hadde avbitne øyro og halar, og fleire bein var rivne rett av. Det var store mengder blod og ein haug med vettskremte sauer.

Seksten dyr måtte avlivast umiddelbart. Det kan hende fleire av dei 35 attlevande dyra må avlivast etter kvart.

Hunden hadde gjort store skadar på sauene i fjøset. Foto: Privat
Hunden hadde gjort store skadar på sauene i fjøset. Foto: Privat

Hundeeigaren er i sjokk

Næss varsla dyrlegen med ein gong. Hunden hadde vore i fjøset i fleire timar, trur ho.

– Det var jo eit sjokk. Eg hadde ikkje venta at nokon skulle kome seg gjennom den vesle opninga.

Annonse

Onsdag er dyrlegen tilbake i fjøset for å sjå korleis det går med dyra, fortel Næss til Nationen.

Ho meiner det er viktig at hundeeigarar må vera klar over at hundane deira kan oppføre seg annleis når dei er aleine.

– Det er vanskeleg å sjå for seg at ein hund kan gjera så store skadar. Det tenker ein ikkje når ein er hundeeigar sjølv, seier Næss.

Sauebonden har vore i kontakt med hundeeigaren.

– Han har vore her og beklaga. Han er kjempelei seg for det som har skjedd. Han hadde jo heller ikkje venta at han skulle finne hunden sin inne i fjøset. Han hadde vore uheldig og mista hunden då han skulle ha den inn om kvelden, så dette var eit stort sjokk for han òg, seier Næss.

Dei vettskremte og skada sauene samla seg i eit hjørne. Foto: Privat
Dei vettskremte og skada sauene samla seg i eit hjørne. Foto: Privat

Kjenner på ulveproblematikken

Næss legg vekt på at ho ikkje var førebudd på ein slik situasjon. Ho seier også at dei held til i eit område med lite rovdyr, men at ho får respekt for dei som gjer det.

– Ein får jo kjenne litt på korleis dei som har ulv i området har det.

Saka er no meldt til politiet.

– Eg kan stadfeste at me har mottatt ei melding. Saka blir etterforska på vanleg måte, seier politiadvokat Lars Ringvik hjå politiet i Innlandet.

Neste artikkel

Ulvebestanden i Tyskland øker – gjør det lettere for bønder å beskytte saueflokken