Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sal av Staur gard vekkjer reaksjonar

Salet av den statlege landbrukseigedommen Staur gard i Stange i Hedmark, som nyleg blei seld til advokat Ola Haugen for 61 millionar kroner, har vekt reaksjonar.

Staur Gård i Stange blei seld til advokat Ola Haugen. Foto: Tegneby & Grønnerød Landbruksmegling
Staur Gård i Stange blei seld til advokat Ola Haugen. Foto: Tegneby & Grønnerød Landbruksmegling

Garden blei seld til advokat Ola Haugen for 61 millionar kroner, 17 millionar kroner over takst. Lokale bønder skal også ha vore med i bodrunden, og ein bonde skal ifylgje Finansavisen ha klaga på salsprosessen.

Annonse

Også stortingsrepresentant Nils Kristian Sandtrøen har engasjert seg i saka og stilt spørsmål om landbruksminister Olaug Bollestad om saka. Spørsmålet hans dreier seg ifylgje avisa om salet er i tråd med intensjonane i konsesjonslova.

Bollestad viser i svaret sitt mellom anna til at kjøparen i søknaden om konsesjon må opplysa om korleis eigedommen skal brukast i framtida, og at det Stange kommune som har avgjerdsmynde i søknaden om konsesjon.

Ifylgje Finansavisen skal formannskapet i Stange kommune behandla saka på eit møte etter jul.

Neste artikkel

Nesten halvparten av alle statlige arbeidsplasser i kommunen hans – har forsvunnet under Erna