Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rovdata vil ha skitprøver frå jerv

På nyåret startar Statens naturoppsyn den årlege innsamlinga av hår og ekskrement frå jerv og tar gjerne imot bidrag frå turfolk fram til 1. juni.

Illustrasjonsfoto: Mona Askerød / NPK

Prøvane blir analyserte av Rovdata og inngår i overvakinga av jerv i Noreg.

– DNA-analysane gir oss viktig informasjon for å overvake og kartleggje bestanden og for å vurdere korleis han utviklar seg over tid, seier leiar Jonas Kindberg i Rovdata.

Annonse

Analysane gir svar på om prøvane faktisk stammar frå jerv, kva slags individ det dreier seg om og kjønnet på dyret. Prøvane kan òg gi informasjon om jerven er kjent frå før, kor stort reviret er, og eventuelt slektskap med andre dyr.

Vinteren 2017–2018 registrerte Rovdata 291 jervar i Noreg basert på DNA-prøvar. Det var 22 færre enn vinteren før. I Sverige vart det til gjengjeld registrert 439 jervar, som var ein oppgang på 57 individ får året før.

Neste artikkel

Landbruksdepartementet: – Det er for mange ulver i Norge, og vi skal ned på bestandsmålet