– Eg har fått inn meldingar om meir enn 200 pukkellaks på ti dagar, frå 50 ulike elver og sjøfangstar. Alt no er det tydeleg at det er mange fleire pukkellaks i år enn det har vore dei seinaste åra, seier lakseforskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA), Eva B. Thorstad til Kyst og Fjord.
Meldingane kjem hovudsakleg frå Nord-Noreg, Midt-Noreg og Vestlandet. Det er få meldingar frå Sørlandet og Austlandet, men fleire pukkellaks er fanget i Glomma.
– Alle som er sjekka for kjønnsmodning har mykje mjølk eller stor rogn og er klare til å gyte i år, så det er ein fare for at dei gyter i elvene, seier Thorstad.
Artsdatabanken vurderer pukkellaksen som ein høgrisikoart og ein trussel mot det biologiske mangfaldet i Noreg.