Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordmange har søkt om å få selje mjølkekvote

Over 500 mjølkebønder har søkt om å få selje mjølkekvote i år. Det er andre året på rad at rekordmange bønder legg kvote ut for sal.

Ei førebels oversikt viser at rundt 500 bønder vil selje mjølkekvote. Det er rekordmange. Foto: Mariann Tvete

Fristen for å melde inn ønske om kvotesal gjekk ut første august, og Landbruksdirektoratet har ikkje registrert ferdig alle søknadene enno. Dei kan difor ikkje no seie noko om kor mange tonn mjølk det er snakk om. Men dei kan seie at det iallfall er rundt 500 som søkjer. I fjor var det 325 søkjarar, og det igjen var nesten 30 prosent fleire enn året før.

Christian Anton Smedshaug, dagleg leiar i Agri analyse, meiner det er ein kombinasjon av fleire forhold som gjer at eit aukande tal mjølkebønder ønskjer å selje heile eller delar av kvoten.

– For mange bønder står det mellom å gjere kapitalgevinst eller ta på seg store kapitalkostnader, seier Smedshaug.

Sju feite år

Han beskriv situasjonen som at det har vore "sju feite år" i norsk mjølkeproduksjon.

– Marknaden har vore stabil, det har vore venta vekst både i internasjonal og nasjonal etterspurnad.

Men så har mykje snudd, den venta veksten i etterspurnad nasjonalt som følge av folketalsauken har ikkje kome, parallelt har eksport teke unna ein del av veksten.

Kombinasjonen av fleire forhold har spissa situasjonen. Mykje av det gode er forbi, framom ligg utfordringane.

– Erkjenninga av at eksportordninga rundt Jarlsbergosten blir borte, er i ferd med å sige inn. Samstundes står næringa framfor betydelege investeringar, både som følgje av beitekrav, lausdriftskrav etter kvart, kalve- og fødebingar og liknande. Og prisane på mjølkekvotar er høge, det er trass alt mange som vil vere med vidare.

Annonse

– Det gir ei moglegheit til ei avrunding når ein for ei gjennomsnittskvote på 150 tonn kanskje kan få ut opp mot 2 millionar kroner.

Manglar investeringsstøtte

– Det eg trur også påverkar vala bøndene tek er utviklinga mot større bruk, sei 900 tonn. Det har vore vanskeleg å få investeringsstøtte til gjennomsnittsbruket. Det er ikkje midlar nok tilgjengeleg til det som er behovet for investeringar for bruka med kvote mellom 150 tonn og 200 tonn.

Smedshaug seier at når staten ikkje er med og hjelper i tilpassinga, anten med løyvingar til å kjøpe ut eller til å gi eit løft på mjølkesida, må situasjonen handterast av næringa åleine.

– Kanskje føler folk at tida er inne for å ta avgjerder som ein har skuva på ei tid. Dei har håpa lenge, seier Smedshaug.

Skjebnemånader

Det ventar skjebnemånader for norsk mjølkeproduksjon. Partane i jordbruksoppgjeret, staten og landbruket, er einige om at det skal etablerast eit samla opplegg for å skalere ned norsk mjølkprodusjon, og at det skal vere klart første oktober. Korleis det skal gjerast, er dei ikkje einige om enno.

Den runden med kjøp og sal av mjølkekvotar som hadde søknadsfrist 1. august og der minst 500 bønder har meldt seg på, vil vere siste gongen at den gjeldande ordninga for kjøp og sal av kvotar blir brukt.

Minst 20 prosent av kvoten ein bonde sel må seljast til staten. Tidlegare har staten seld vidare kvotar, men i jordbruksoppgjeret vart det bestemt at det ikkje skal vere mogleg å kjøpe ku- eller geitemjølkkvote frå staten.

Jordbruksoppgjeret i år førte ikkje til endringar i regelverket for utleige av kvotar.

Neste artikkel

Kvotekutt fører til auka mjølkevolum og store tap for Kristian og Kristine