Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Reko-ringane blir forskarmat

Fleire og fleire bønder vel å selje produkta sine direkte til forbrukar via digitale plattformer – såkalla reko-ringar – i staden for å gå gjennom dei store kjedene.

Økobonde Tore Jardar Skjønsholt Wirgenes i Larvik sel gårdens produkter direkte til forbrukaren. Foto: Siri Juell Rasmussen

No skal fenomenet forskast på, fortel NRK.

Reko-ringane, som no har 800.000 medlemmer i Norden, brukar Facebook som plattform og bøndene leverer rett til forbrukar på ein lokal marknadsplass. Reko står for rettferdig konsum. I 50 norske kommunar har bønder hivd seg på distribusjonsforma.

Annonse

Professor ved Universitetet Søraust-Norge, Per Egil Pedersen, skal no forske på fenomenet. Han meiner måten vi handlar matvarer på kjem til å endre seg mykje på kort tid. Men akkurat korleis, veit han ikkje.

Neste artikkel

Pelsdyr-forbodet rammar fôrlaga: - Mange kan hamne på Nav