– Dette burde vere utenkjeleg i 2016. Gaupa er ein trua art, og i staden for skotpremie trengst det tiltak for å byggje opp bestanden, seier rådgivar i WWF Sverre Lundemo.
Skotpremien som Lyngen kommune har innført, vil gi kvar jeger som skyt ei gaupe 10.000 kroner frå kommunen.
I tillegg vil Lyngen Sau og geit bidra med det same beløpet. Det betyr at alle som skyt gaupe under gaupejakta i Lyngen, kan hente ein skotpremie på 20.000 kroner per gaupe.
WWF-Norge har sendt brev til Lyngen kommune og bedt dei avvikle skotpremien.
– Dette er eit gufs frå fortida, og gir assosiasjonar til nedkjemping av skadedyr. Særleg ille blir det når vi veit at vi ligg under bestandsmålet for gaupe, både i Noreg som heilskap og i Troms og Finnmark, seier Lundemo.
Gaupa er sterkt trua på den norske raudlista for artar. (©NPK)