Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Overskotet av svinekjøtt er snudd til underdekning

Ein ny prognose viser underdekning av svinekjøtt i år. Nortura avlyser dermed dugnaden blant svinebønder.

Svin: Nortura ventar underdekning av svinekjøtt i 2020. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Svin: Nortura ventar underdekning av svinekjøtt i 2020. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Ein ny prognose frå Nortura, som er marknadsregulator for kjøtt, viser at marknaden for svinekjøtt har gått frå overskot til underdekning.

I den nye prognosen ventar Nortura ein underdekning på 800 tonn svinekjøtt i 2020, noko som betyr at reguleringslagera kan byggast ned.

Seinast i prognosen som blei laga i november venta Nortura ei overdekning i marknaden på 600 tonn.

Avsluttar dugnad

Konsekvensen av snuoperasjonen er at Nortura avsluttar den såkalla svinedugnaden.

«Endringen fra en svak overdekning i siste prognose til underdekning skyldes lavere bedekningstall. Med prognosert underdekning av svinekjøtt er det ikke naturlig å oppfordre til fortsatt frivillig reduksjon av produksjonen», uttalar prognosesjef i Nortura, Leif Sørensen, i meldinga frå Nortura.

Sørensen vektlegg derimot at marknadsbalansen framleis er skjør og at det ikkje er rom for nyetableringar i næringa.

«Skulle salget vise seg å øke, kan vi raskt stimulere til økte vekter på slaktegrisen. En kilo i økt slaktevekt utgjør om lag 1 400 tonn», skriv Nortura.

Engrossalet av heilt slakt er prognosert å ligge på nivå med 2019, ifølgje Nortura.

«Utkjøp av smågrisprodusenter i fjor gir full effekt i 2020. I tillegg har den frivillige reduksjonen av produksjonen bidratt til reduserte lagre og gjør at vi nå ser en bedring i markedet for svinekjøtt», uttalar Sørensen.

Meldinga om underdekning av svinekjøtt er godt nytt for svinebønder som i lang tid har slite med svært dårleg inntening på grunn av overskot av svinekjøtt.

Overskot av sauer og lam

For dei andre kjøttslaga er det mindre endringar samanlikna med førre prognose.

Situasjonen på sauer og lam er ifølgje Nortura framleis at ein har ei utfordring med for mykje sauekjøtt i den norske marknaden. I tillegg ligg det mykje lam på reguleringslager ved starten av året.

Overskotet av sauekjøtt i 2020 er frå førre prognose oppjustert med 300 tonn til 800 tonn. På lam venta Nortura i november ei underdekning på 200 tonn. Det er nå justert til at marknaden går akkurat i balanse i 2020.

Annonse

«Reguleringslageret av lam ved inngangen til året var på 2 900 tonn, så det er fortsatt en ubalanse i markedet også for lam. Salget er prognosert å øke noe for lam og reduseres for sau», skriv Nortura.

Sauetrøbbel: Overskotet av sauekjøtt i 2020 er frå førre prognose oppjustert med 300 tonn til 800 tonn og ved nyttår låg det heile 2900 tonn lammekjøtt på reguleringslager. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Sauetrøbbel: Overskotet av sauekjøtt i 2020 er frå førre prognose oppjustert med 300 tonn til 800 tonn og ved nyttår låg det heile 2900 tonn lammekjøtt på reguleringslager. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Nortura vidarefører oppfordringa til sauebøndene om ein frivillig reduksjon for å betre marknadsbalansen.

«Prognosen for 2020 viser at vi fortsatt har utfordringer på sau og lam. Vi gikk inn i 2020 med et høyere lager av lam enn normalt. Mye tyder på at sauebøndene har tatt oppfordringen om å redusere påsettet og beholde søyene lenger. Dette er viktig for å bedre balansen mellom sau og lam», uttalar Sørensen.

Mjølkekutt gir storfesvikt

På storfe viser nye prognosen til Nortura reduserte tilførslar og aukande underdekning av storfekjøtt samanlikna med prognosen i november. I november venta Nortura ein prosent auke i tilførslane av norsk storfekjøtt. Det er nå snudd til ein nedgang på ein prosent.

«Det ventes en reduksjon i produksjonen på 1 prosent fra 2019. Dette skyldes forventet nedgang i antall melkekyr til slakt i 2020. Melkekutallet er om lag 10 000 færre ved inngangen til 2020 sammenlignet med for ett år siden. Dette skyldes tilpasning til et lavere melkevolum», skriv Nortura.

Kutteffekt: Nedskaleringa av mjølkeproduksjonen fører til nedgang i produksjonen av storfekjøtt, noko som gjer at importbehovet aukar. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Kutteffekt: Nedskaleringa av mjølkeproduksjonen fører til nedgang i produksjonen av storfekjøtt, noko som gjer at importbehovet aukar. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Underdekninga i 2020 på storfekjøtt er venta å bli på 4700 tonn etter at importkvotane er tatt inn. Det låg 1750 tonn storfekjøtt på reguleringslager ved inngangen på året og Nortura frårår framleis nyetableringar på storfe.

«Prognosen viser likevel at vi er nær markedsdekning for norsk storfe med mindre salget øker. Behovet for å øke antall ammekyr fremover avhenger mye av hvordan melkeprodusentene tilpasser seg et fortsatt lavere melkevolum. Slik markedssituasjonen er i øyeblikket og med usikkerhet knyttet til salget fremover i tillegg til tilpasninger i melkeproduksjonen, anbefaler vi ikke nyetableringer for storfe nå», uttalar Sørensen.

Forverring på egg

På egg ligg det an til at overskotet aukar ytterlegare. I november venta Nortura eit overskot på 1000 tonn. I den nye prognosen er overskotet rekna til 1100 tonn. Det kjem dels av at produksjonen er venta å auke ytterlegare.

«Tilførslene prognoseres å øke med nærmere 2 prosent før tiltak. Samlet salg av egg til dagligvare og industri forventes å øke med om lag 0,5 prosent i 2020 etter en god vekst i 2019», skriv Nortura.

Overskot: Det er framleis for mykje egg i marknaden, ifølgje Nortura, som reknar med å kunne takle overskotet ved å stimulere til førtidsslakting av verpehøner. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
Overskot: Det er framleis for mykje egg i marknaden, ifølgje Nortura, som reknar med å kunne takle overskotet ved å stimulere til førtidsslakting av verpehøner. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Nortura ventar at overdekninga av egg i marknaden kan handterast ved førtidsslakting av verpehøner, noko dei alt er i gang med. Marknaden for egg frå hønehus med miljøinnreiing blir ifølgje Nortura stadig mindre.

«Vi gjentar at det ikke er rom for nyetableringer i eggsektoren i 2020», uttalar Sørensen.

Neste artikkel

Politiet fant 400.000 i kontanter under razzia hos kjøttselskap