Populært soppmiddel kan skade medisin

Eit av dei mest brukte soppmiddela blant norske kornbønder kan føre til at ein medisin mot soppinfeksjonar sluttar å virke.

Sprøyting: Resistent sopp kan skape problem for humanmedisin. Foto: Erling Fløistad
Sprøyting: Resistent sopp kan skape problem for humanmedisin. Foto: Erling Fløistad

Azolar og resistens

Azolar er organiske forbindelsar der molekyla er sett saman av femledda ringar med minst eit nitrogenatom.

Soppmiddelet Proline inneheld verkestoffet protikonazol og blir brukt mot soppinfeksjonar i bygg, havre, kveite, rug, rugkveite og oljevekstar.

Bumper med propikonazol blir brukt på bygg, kveite, havre og rug.

Fusarioser er for tida den viktigaste sjukdommen på korn i Noreg. Proline og andre middel med protikonazol blir brukt mot aksfusariose i korn.

– Azolar blir brukt mot soppinfeksjonar i menneske og i landbruket. Bruk av azolar i landbruket er ein drivar for resistens mot azolar som blir brukt i humanmedisin. Azolresistens er eit aukande problem. Kvart år reknar vi med at meir enn ein million menneske i verda døyr på grunn av soppinfeksjonar, fortel Ida Skaar som er seniorforskar ved Veterinærinstituttet og prosjektleiar for ein ny tenketank om resistent sopp.

Populært sprøytemiddel

Kjære leser. Denne artikkelen er forbeholdt våre abonnenter.

Digital

Bestill

100 dager for 100 kr

VÅRT BESTE TILBUD!

Neste artikkel

På Bøensætre spleises permakultur med norsk kulturarv