Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Merete Furuberg takkar for seg som leiar for Norsk Bonde- og Småbrukarlag

Leiaren for Norsk Bonde- og Småbrukarlag Merete Furuberg blir omtalt som sterk. Men etter tørkesommaren i år kjende ho seg sliten. No overlèt ho roret til andre etter åtte år som leiar av organisasjonen.

Merete Furuberg blir omtalt som sterk og uredd. – Mottoet mitt er at inga oppgåve er for lita, inga for stor. Men dess større oppgåvene er, dess meir tent blir eg, seier ho. Foto: Margunn Sundfjord / NPK
Merete Furuberg blir omtalt som sterk og uredd. – Mottoet mitt er at inga oppgåve er for lita, inga for stor. Men dess større oppgåvene er, dess meir tent blir eg, seier ho. Foto: Margunn Sundfjord / NPK

Avgangen hennar heng likevel ikkje saman med verken tørkesommaren eller at ho er lei av å kjempa for landbruk, distriktspolitikk og små bruk.

– Det har vore eit privilegium å leia Norsk Bonde- og Småbrukarlag. Når eg ikkje tek attval, er det av omsyn til organisasjonen. Ein leiar skal ikkje sitja for lenge, slår ho fast.

Vi møter henne på kontoret i Oslo sentrum, nesten berre eit steinkast unna Stortinget, der Furuberg nettopp har vore på ei høyring. Kofferten ligg oppslått på golvet og vitnar om ei dame som er mykje på farten.

– Eg elskar å ha mange ballar i lufta, og blir sjeldan stressa og så og seia aldri sliten. Viss eg får ei kjensle av å vera sliten, må det ha skjedd noko spesielt, seier Furuberg.

Tørken tek på

Og sommaren har vore spesiell for Merete Furuberg. I tillegg til å ta imot telefonar frå fortvila bønder og vera i politisk kamp heile tida, blei ho sjølv ramma av tørke, skogbrann og storm som gjorde stor skade.

Men reaksjonane kom først for eit par veker sidan. Furuberg kjende seg sliten og sov dårleg. Det gjekk på helsa laus.

– Det er rolegare no, men ei stund var det slik at eg vakna fleire gonger om natta og høyrde stemmene til fortvila bønder. Eg trur reaksjonane kom fordi eg var midt oppi det sjølv. I Kreftforeningen lærte eg at du ikkje skal arbeida med likemannsarbeid når du sjølv er ramma, seier Furuberg, som sjølv har vore alvorleg kreftsjuk tre gonger.

Merete Furuberg takkar for seg som leiar for Norsk Bonde- og Småbrukarlag, men ser lyst på framtida for norsk landbruk. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK
Merete Furuberg takkar for seg som leiar for Norsk Bonde- og Småbrukarlag, men ser lyst på framtida for norsk landbruk. Foto: Berit Roald / NTB scanpix / NPK

– Treng kursendring

Leiaren av Småbrukarlaget trur ikkje vi har sett alle konsekvensane av den kraftige tørken enno.

– Hendinga kjem til å få etterdønningar både for bønder, jord og buskap. Det håpar eg vi klarer å dempa og redusera. Men eg håpar at etterdønningane hos folket og politikarane blir slik at vi får ei politisk endring, seier Furuberg.

Det handlar mellom anna om å ta heile landet i bruk og om kor store bruk vi skal ha.

Frå forskar til forkjempar

At Merete Furuberg skulle bli leiar for Norsk Bonde- og Småbrukarlag var ikkje sjølvsagt. Då ho i 2010 blei vald, skjedde det etter eit benkeforslag.

– Eg har alltid vore engasjert og hadde hatt ein del leiarroller tidlegare, men hadde inga utdanning i jordbruk, seier Furuberg sjølvkritisk.

Merete Furuberg heime på garden. Foto: Siri Juell Rasmussen
Merete Furuberg heime på garden. Foto: Siri Juell Rasmussen

Sjølv om ho dreiv eigen gard, hadde ein doktorgrad innan skogbruk og mange år bak seg som forskar, kjende ho likevel på manglande jordbrukskompetanse. Noko av det første ho gjorde var difor å ringja til tidlegare leiar og stortingsrepresentant Per Olaf Lundteigen og spørja om han kunne vera mentor for henne.

– Hos han fekk eg ein del knaggar som eg har støtta meg på, fortel ho.

Annonse

Som nyvald leiar fekk Furuberg to oppdrag: Å gjera Norsk Bonde- og Småbrukarlag meir synleg i media, og å gjera organisasjonen meir samla.

– Om eg har klart det, får andre vurdera.

Sterk og sårbar

Kampviljen til Merete Furuberg er stor.

– Drivkrafta er jo å få gjort noko og at du betyr noko, og det å gje. Og så har eg mottoet at inga oppgåve er for lita og inga for stor. Men dess større oppgåvene er, dess meir tent blir eg.

Kampen for mindre bruk, distriktsjordbruket og betre produksjonsmåtar er saman med det Furuberg kallar kampen mot ein misforstått rovdyrpolitikk, dei sakene ho trekkjer fram når vi spør kva som har vore dei viktigaste kampsakene hennar som leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Sjølvtilliten til Furuberg er likevel ikkje like stor på alle område. 63-åringen trur det heng saman med kulturen ho kjem frå på Finnskogen. I barndommen blei ho erta for å vera finnjente. Seinare har ho slite mykje med dårleg sjølvtillit.

– Den dag i dag har eg mykje lettare for å opptre i rolla som leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag enn å koma fram med noko som er meg og mitt.

Klar for nye oppgåver

Motsetninga mellom det litt mindreverdige på den eine sida og samtidig ei stoltheit og ein sterk kjærleik til det ein driv med, til dyra og jorda, på den andre sida, synest Furuberg at ho ser att hos mange småbrukarar rundt om. I denne dualismen ligg det både noko veldig ekte og ei sterk tru og ein sterk vilje til ikkje å gje seg, meiner ho.

Merete Furuberg blei kåra til Årets bygdeprofil 2014 av Nationens sine lesarar. Her på gården heime  på Finnskogen. Foto: Siri Juell Rasmussen
Merete Furuberg blei kåra til Årets bygdeprofil 2014 av Nationens sine lesarar. Her på gården heime på Finnskogen. Foto: Siri Juell Rasmussen

Dette spennet har gjeve Furuberg eit breiare perspektiv på arbeidet ho driv med. Ho fortel at ho alltid har kjent seg som ein del av Småbrukarrørsla og føler at ho kan bruka eigne erfaringar til å kjempa for andre.

– Eg har vore fast bestemt på at eg skulle tilbake til forskinga, men no er eg ikkje framand for å bli politikar på heiltid, seier ho.

Furuberg fortel at ho alt har fått nokre førespurnader, men ho vil ikkje seia kven desse kjem frå og kva det gjeld.

I åtte år har Merete Furuberg stått på i politisk kamp for småbrukarar over heile landet. Her frå eit møte i sommar om tørke og avlingssvikt. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK
I åtte år har Merete Furuberg stått på i politisk kamp for småbrukarar over heile landet. Her frå eit møte i sommar om tørke og avlingssvikt. Foto: Audun Braastad / NTB scanpix / NPK

Optimist

Dei seinare åra har Småbrukarlaget merka at interessa for norsk matproduksjon har blitt mykje vidare.

– Det er ein trend. Det både føler og merkar eg. Vi får fleire og fleire førespurnader om å koma å halda foredrag, og gjennom det har vi også fått fleire nye alliansepartnarar

Hos ein del politikarar har synet på norsk matproduksjon likevel endra seg overraskande lite, synest ho.

– Men når det er strøymingar i folket, vil det sikkert påverka politikarane etter kvart, seier Furuberg som er optimist med tanke på framtida til norsk landbruk.

– Eg ser for meg at det berre blir betre og betre.

Neste artikkel

Dette er de åtte satsingsområdene i landbrukets klimaplan